Klinisk pedagog

Gabrielle Leah Dickson

Haugesund

On-site

NOK 520,000 - 680,000

Full time

8 days ago

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Kompetanseheving
Tverrfaglege team
Gode fagmiljø og kollegaer
Mogleheit for vidareutvikling
Fleksitid ved behov

Job summary

BUP Haugesund let etter ein klinisk pedagog med interesse for arbeid med barn og unge. Stillinga er eit 100% vikariat ved poliklinikken i Haugesund og krev erfaring frå BUP/PPT eller liknande, samt gode norskkunskapar.

Du vil delta i tverrfagleg arbeid, med fokus på samhandling mellom tenester, foreldre og skular, og få tilgang til nødvendige kurs og vidareutdanning for fagleg utvikling.

Qualifications

  • Krav: relevant pedagogisk utdanning på masternivå.
  • Erfaring frå BUP, PPT eller tilsvarande utgreiings- og oppfølgningstenester.
  • Gode norskkunskapar, både munnleg og skriftleg.

Responsibilities

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
  • Kontakt med føresette og andre instansar rundt barn/ungdom.

Skills

Samarbeid og formidling
Kommunikasjon
Samhandling

Education

Relevant pedagogisk utdanning på masternivå

Job description

Brenn du for faget ditt, liker å engasjere deg og deler gjerne kunnskapen din med andre? Då kan du vere pedagogen vi leiter etter!

No har vi eit ledig vikariat i 100 % stilling ved poliklinikken. Stillinga er knytt til arbeid med barn frå 5 år og oppover. Vi ønskjer oss ein entusiastisk og engasjert spesialpedagog som kan vere med å styrkje fag og pasientforløp. Søker må ha erfaring fra BUP, PPT eller liknande.

Vi nyttar varierte og kunnskapsbaserte behandlingsmetodar som B4DT (4-dagars), DBT, TF-CBT og EMDR. I tillegg tilbyr vi psykoedukasjonsgrupper, musikkterapi, recovery-kurs med erfaringskonsulent og hundeterapi – alt for å sikre eit heilskapleg behandlingstilbod for barna og ungdommane vi møter.

Her får du høve til å gjere ein forskjell for barn og unge, i eit spennande arbeidsmiljø med eit sterkt fagleg fokus. Som ein del av vårt team får du nødvendig opplæring, kurs og vidareutdanning, slik at du kan utvikle deg både fagleg og personleg. Hos oss får du høve til å bidra aktivt i fagutvikling og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod.

Ein arbeidsplass der samarbeid står i sentrum

Å jobbe med barn og unge inneber tett samarbeid med foreldre, skular og andre instansar. Difor ser vi etter deg som er god på samhandling, og som evnar å vere fleksibel når planane må justerast etter situasjonen. Vi legg stor vekt på å sikre samanhengande pasientforløp på tvers av tenester, slik at tilbodet i førstelinja og hos oss utfyller kvarandre heller enn å overlappe.

Trivsel og fagleg utvikling

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø der vi set pris på kvarandre.

Vi legg til rette for både fagleg og sosial utvikling gjennom:

  • Felleslunsjar - der vi samlast og bygger gode relasjonar
  • Fagdagar - for fagleg påfyll og vidareutvikling
  • Tilbod om felles trening i arbeidstid - for å fremje både fysisk og mental helse
  • Hyggelege kveldsarrangement - fordi trivsel på jobb også handlar om gode opplevingar saman

Her får du ein jobb der du kan utvikle deg fagleg, bidra til noko meiningsfullt – og samtidig trivast på jobb!

Ring gjerne til funksjonsleiarar Margrethe R. Aase eller Marit Ness om du vil vite meir om stillinga.

Kva går jobben ut på?
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i BUP si utvikling via fagnettverk.
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Vi søkjer primært etter klinisk pedagog med erfaring frå arbeid i BUP.

Krav:

  • Relevant pedagogisk utdanning på masternivå.
  • Erfaring frå BUP, PPT eller tilsvarande utgreiings- og oppfølgningstenester.
  • Gode norskkunskapar, både munnleg og skriftleg.

Det er ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid i BUP.
  • Munnlege engelskkunnskapar.
  • Erfaring frå multikulturelt og fleirspråkeleg arbeid.

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med klinisk pedagogisk kompetanse, kan det vere aktuelt å tilsetje søkjarar med spesialpedagogisk utdanning eller anna relevant pedagogisk masterutdanning, kombinert med erfaring frå BUP, PPT eller tilsvarande verksemd.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • Har evne til samarbeid og formidling av kunnskap internt og eksternt.
  • Er god til å bygge trygge, støttande og tillitsfulle relasjonar til barn og unge.
  • Arbeider strukturert og sjølvstendig.
  • Er kreativ, nytenkjande og fleksibel.

Personlege eigenskapar blir vektlagde i henhold til eksisterande team. Personleg presentasjon, CV og referanser blir også vektlagd i rekrutteringsprosessen.

Vi tilbyr
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
  • Arbeid i tverrfaglege team.
  • Moglegheit for kompetanseheving.
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
  • Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid.

Litt om oss

BUP Haugesund gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal).

Vi har poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post. Døgnpostane har akuttfunksjonar og dekker heile opptaksområdet til Helse Fonna. Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team.

BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri.

Kontaktinformasjon

Georg Walter Reinhardt,Avdelingsleiar BUP Haugesund,+47 52732850

Marit Elisabeth Ness,Funksjonsleiar poliklinikk,+47 52732850

Margrethe R. Aase,Funksjonsleiar poliklinikk,+47 52732850

Gabrielle Leah Dickson,Konsulent,+47 41889114,gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Vinjes gate 10

5522HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5150446400

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 25.11.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Klinisk pedagog
Klinisk pedagog

BUP Haugesund • Haugesund

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Fleksitid
Kompetanseutvikling
Godt fagmiljø og kollegaer
Vi søkjer overlege til eit sterkt fagfellesskap
Vi søkjer overlege til eit sterkt fagfellesskap

BUP Haugesund • Haugesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,600,000
Ferdig med LIS1? Spesialiser deg hos oss!
Ferdig med LIS1? Spesialiser deg hos oss!

BUP Haugesund, Helse Fonna HF • Haugesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,500,000
Psykologspesialist som ønskjer å arbeide heilskapleg?
Psykologspesialist som ønskjer å arbeide heilskapleg?

BUP døgnpost Haugesund • Haugesund

On-site
NOK 680,000 - 900,000
Klinisk pedagog
Klinisk pedagog

Helse Fonna HF • Haugesund

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Overlege/lege i spesialisering (LIS3)
Overlege/lege i spesialisering (LIS3)

Allmennpsykiatrisk poliklinikk BUP Stord • Husnes

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Overlege/lege i spesialisering (LIS3)
Overlege/lege i spesialisering (LIS3)

Ingvild Kaldråstøyl • Husnes

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Overlege - Barne- og ungdomspsykiatri
Overlege - Barne- og ungdomspsykiatri

Anette Fjeldstad • Sarpsborg

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
Rekrutteringstillegg
UTA ved arbeid i vakt
Psykologspesialist som ønskjer å arbeide heilskapleg
Psykologspesialist som ønskjer å arbeide heilskapleg

Helse Fonna Hf • Haugesund

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Health insurance
Psykologspesialist/psykolog
Psykologspesialist/psykolog

Allmennpsykiatrisk poliklinikk BUP Stord Sjukehus • Odda

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Top locations