Overlege/lege i spesialisering (LIS3)

Allmennpsykiatrisk poliklinikk BUP Stord

Husnes

On-site

NOK 1,200,000 - 1,800,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Allmennpsykiatrisk poliklinikk BUP Stord søker lege i spesialisering (LIS 3) eller overlege til 100% fast stilling med arbeidsstad ved Husnes-/Odda-kontoret. Stillinga kan også vere aktuell som praksis i spesialiseringsløp, til dømes i allmennmedisin.

Vi tilbyr eit breitt fagmiljø innan barne- og ungdomspsykiatri og ei god fagleg utvikling i eit regionalt helsevern. Arbeidsstad er Husnes eller Odda, med kontorbase og utstasjon frå Ullensvang og Kvinnherad.

Qualifications

  • Må ha dokumentert autorisasjon.
  • Erfaring frå BUP er ønskelig.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Responsibilities

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom
  • Aktiv deltaking i tverrfaglege diskusjonar og problemløysing
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom
  • Som spesialist: rettleiing, vurderingar og ansvar for pasientar

Skills

Autorisasjon

Job description

  • Må ha dokumentert autorisasjon

Vi ser etter deg som:


Ved BUP Stord har vi ledig ei 100 % fast stilling som overlege eller lege i spesialisering (LIS 3), med arbeidsstad ved Husnes-/Odda-kontoret. Stillinga kan òg vere aktuell som praksis i spesialiseringsløp, til dømes i allmennmedisin.


Vi gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0–18 år). Opptaksområdet vårt omfattar seks kommunar: Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Ullensvang.


BUP Stord er organisert saman med Stord DPS under felles leiing og er delt inn i fire team. Poliklinikken har 25 fagstillingar. Kontora på Husnes og i Odda er utekontor for BUP Stord og gir tilbod til pasientar frå Ullensvang og Kvinnherad.


I dag har vi tre fagstillingar og ein merkantilt tilsett med fast kontorstad på Husnes, og tre fagstillingar ved Odda-kontoret. Alle er knytte til team ved BUP Stord.


På Stord har vi eit breitt tverrfagleg fagmiljø med god overlege- og spesialistdekning. Overlegen ved Husnes-/Odda-teamet deltek i faste legemøte og har tett kontakt med overlegane på Stord. Overlegegruppa er stabil og lokalt forankra. Overlegar ved BUP Stord inngår per i dag ikkje i vaktsystemet. Det er mogleg å ha kontorbase både på Husnes og i Odda.


Som LIS 3 deltek du fast på teammøte og internundervisning ein gong i veka. Du får ein fast rettleiar og følger både LIS-undervisning og internundervisning. Du blir òg ein del av eit kompetent og tilgjengeleg tverrfagleg fagmiljø.


Vi legg til rette for individuelt tilpassa utdanningsløp, der vi legg vekt på dine faglege interesseområde, i samsvar med dei overordna utdanningskrava.


Vi søker engasjerte og fagleg interesserte legar som vil vere med på å utvikle og forme barne- og ungdomspsykiatrien i Helse Fonna.


Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga!


Kva går jobben ut på?


  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom

  • Aktiv deltaking i tverrfaglege diskusjonar og problemløysing

  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt

  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom

  • Som spesialist: rettleiing, vurderingar og ansvar for pasientar


Kva kompetanse er viktig i denne rolla?


  • Må ha dokumentert autorisasjon

  • Erfaring frå BUP er ønskeleg

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.


Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:



  • trivst med å jobbe med barn, ungdom og føresette

  • har interesse for barne- og ungdomspsykiatri

  • arbeider sjølvstendig og har god oversikt over eigne oppgåver

  • tar initiativ og samarbeider godt med andre

  • er open for endringar og bidrar med nye idear og løysingar


Vi legg vekt på personlege eigenskapar.


kvifor skal du velje oss?


  • Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbetring

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling

  • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater

  • Psykoterapirettleiing

  • Arbeid i tverrfagleg team

  • Heile spesialiteten kan takasti Helse Fonna

  • Moglegheit for forsking i klinikk


For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Kontaktinformasjon

Ingvild Kaldråstøyl,Funksjonsleiar,+47 534 91220, ingvild.kaldrastoyl@helse-fonna.no


Arbeidsstad

Stølshaugvegen 5
5460Husnes


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5187681611
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Overlege/lege i spesialisering (LIS3)
Overlege/lege i spesialisering (LIS3)

Ingvild Kaldråstøyl • Husnes

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Lege i spesialisering
Lege i spesialisering

Kenneth Berge-Schøld • Stavanger

On-site
NOK 950,000 - 1,150,000
Pensjonsordning
Forsikringsordning
Veiledning for spesialisering
Lege i spesialisering (LIS 3)
Lege i spesialisering (LIS 3)

Allmennpsykiatrisk poliklinikk Stord DPS • Hysstad

On-site
NOK 850,000 - 1,100,000
Fagperson innan helse/sosial/ pedagogikk
Fagperson innan helse/sosial/ pedagogikk

Kjersti Rikke Nygaard Bårdsen • Haugesund

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Lege i spesialisering i allmennmedisin med interesse for arbeid med barn og unge med psykiske helseutfordringer?
Lege i spesialisering i allmennmedisin med interesse for arbeid med barn og unge med psykiske helseutfordringer?

Sigurd Hegstad • Trondheim

On-site
NOK 750,000 - 950,000
Inkluderende arbeidsmiljø
Fagutvikling og kurs
Tverrfaglig samarbeid
Lege i spesialisering - barnesjukdomar
Lege i spesialisering - barnesjukdomar

Barne- og ungdomsavdeling - Haugesund sjukehus • Haugesund

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Psykologspesialist / psykolog
Psykologspesialist / psykolog

Barne og Ungdompsykiatrisk avdeling, BUP Bryne, Helse Stavanger HF • Bryne

On-site
NOK 700,000 - 900,000
God arbeidsmiljø
Videreutdanning i psykoterapi
Pensjonsordning
+1
Lege i spesialisering i allmennmedisin med interesse for arbeid med barn og unge med psykiske helseutfordringer?
Lege i spesialisering i allmennmedisin med interesse for arbeid med barn og unge med psykiske helseutfordringer?

Avdeling BUP, Klinikk Psykisk helsevern • Trondheim

On-site
NOK 680,000 - 900,000
Inklusivt arbeidsmiljø
Gode faglige utviklingsmuligheter
Kursdeltakelse
Fagperson innan helse/sosial/ pedagogikk
Fagperson innan helse/sosial/ pedagogikk

Familieambulatoriet poliklinikk Haugesund • Haugesund

On-site
NOK 600,000 - 750,000
Vi søker overlege til fast stilling
Vi søker overlege til fast stilling

Siri Alvilde Egeland • Oslo fylke

On-site
NOK 1,300,000 - 1,900,000
Top locations