Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Nina A. Auro i Haukeland universitetssjukehus søker psykolog til Barn og ungdomspsykiatrien ved Akuttposten.
Arbeidet omfatter klinisk arbeid med barn/ungdom 0–18 år, akuttvurdering og tverrfagleg samarbeid med miljøterapeutar og legar. Krav: psykologspesialist, norsk autorisasjon og erfaring frå ungdom.
Tilsetjinga krev politiattest og eit godt arbeidsmiljø.
Då ein av våre psykologar skal over i vaksenpsykiatri treng vi deg som vår nye psykolog og kollega. PBU Akuttposten er ein døgnbemanna post med kapasitet til 8 pasientar. Vi held til i 2. etg. i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus. Målgruppa vår er barn/ungdom opptil 18 år med psykiske lidingar, som er innlagd frivillig eller under tvang.
Oppgåvene våre er knytt til observasjon, utgreiing, utarbeiding/ utprøving av tiltak og behandling. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiater, psykolog/ psykologspesialistar, samt legar i spesialisering (LIS).
Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykisk liding. For å oppretthalde samansettinga av personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Haukelandsbakken 1
5021Bergen