Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Fonna HF i Haugesund søkjer ein erfaren overlege innan barne- og ungdomspsykiatri. Du blir ein del av eit stort fagmiljø som inkluderer pedagogar, psykologar, sjukepleiarar og andre yrkesgrupper. Arbeidet innebærer klinisk ansvar, rettleiing av LIS og studentar, samt bakvaktordningar.
Vi vektlegg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø der det er plass for læring og vidareutvikling. Stillinga er 100% og basert i Haugesund.
Vil du bidra til å utvikle framtidas barne- og ungdomspsykiatri? Hos oss får du som overlege høve til å gjere ein reell forskjell for barn og unge… og du får med eit inkluderande arbeidsmiljø på kjøpet.
BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge fra 0–18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde.BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.Avdelinga er òg godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/
Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega.Vi har om lag 56 behandlarstillingar, inkludert 8 overlegestillingar og 7 stillingar for legar i spesialisering. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. Vi er stolte av å vere ein arbeidsplass med høg kompetanse, stort engasjement og god lagkjensle.
Er du spesialisten som kombinerer fagleg kompetanse med varme og nysgjerrigheit? Då passer du hos oss.
Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e‑post.
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Hos oss får du:
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden