Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Helse Møre og Romsdal HF søker ein psykologspesialist til poliklinikk BUP Volda. Avdelingane i Møre og Romsdal inneheldt fleire poliklinikkar og tvo døgnseksjonar, og teama er tverrfaglege. Stillinga gir moglegheit for fagleg fordjuping, forsking og samarbeid med andre fagmiljø.
Frå november 2026 flyttar vi inn i nye lokale i Volda sentrum. Arbeidsoppgåvene omfattar poliklinisk utgreiing og behandling av barn og unge, samt rettleiing til foreldre og nettverk.
Vi har ledig 1 fast stilling for psykologspesialist ved poliklinikk BUP Volda!
I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon.
Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre.
Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta.
Vi ynskjer å kunne tilby ein god balanse med høve til fagleg fordjuping, organisasjonsutvikling og differensierte kliniske arbeidsoppgåver. Skulle du ha planar om faglege utviklingsprosjekt eller forsking, kan det vere høve til å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i seksjonen vår, eller eventuelt saman med samarbeidspartnerar vi har innan forsking og fagutvikling.
Frå november 2026 flyttar vi inn i nye lokaler i Volda sentrum.
Det å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt fra enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo fra Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her .- Og her.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det videre eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal