Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Helse Møre og Romsdal HF søker psykologspesialist til poliklinikk BUP Volda. Poliklinikken tilbyr differensiert utgreiing og behandling til born, unge og familiar i Sunnmøre, med god tverrfagleg oppfølging og mulighet for forsking eller utviklingsprosjekt i samarbeid med fagmiljøet.
Du vil jobbe i eit engasjert team, delta i utvikling av fagmiljøet og få tilgang til kompetanseutvikling, med flytting til nye lokalar i Volda frå november 2026.
Vi har ledig 1 fast stilling for psykologspesialist ved poliklinikk BUP Volda!
I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon.
Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre.
Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta.
Vi ynskjer å kunne tilby ein god balanse med høve til fagleg fordjuping, organisasjonsutvikling og differensierte kliniske arbeidsoppgåver. Skulle du ha planar om faglege utviklingsprosjekt eller forsking, kan det vere høve til å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i seksjonen vår, eller eventuelt saman med samarbeidspartnerar vi har innan forsking og fagutvikling.
Frå november 2026 flyttar vi inn i nye lokaler i Volda sentrum.
Det å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her .- Og her.
Kari Standal,Seksjonsleiar,+47 70058570,kari.standal@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103Volda
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5201290142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026