Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal HF søker psykologspesialist til poliklinikk BUP Volda. 100% heltidsstilling er ledig i avdelingen ved Volda sjukehus. Poliklinikken tilbyr tverrfagleg arbeid, med utgreiing og behandling av barn og unge, samt rettleiing til familiar, skule og nettverk.
Frå november 2026 flyttar vi inn i nye lokalar i Volda sentrum. Tilsetting krev norsk autorisasjon og spesialitet i barne- og ungdomspsykologi, samt god skriftleg og munnleg norsk. Politiattest må leggjast fram.
11.11.2026
1
Fast
100
5201290142
Psykologspesialist Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Vi har ledig 1 fast stilling for psykologspesialist ved poliklinikk BUP Volda!
I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon.
Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre.
Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta.
Vi ynskjer å kunne tilby ein god balanse med høve til fagleg fordjuping, organisasjonsutvikling og differensierte kliniske arbeidsoppgåver. Skulle du ha planar om faglege utviklingsprosjekt eller forsking, kan det vere høve til å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i seksjonen vår, eller eventuelt saman med samarbeidspartnerar vi har innan forsking og fagutvikling.
Frå november 2026 flyttar vi inn i nye lokaler i Volda sentrum.
Det å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Adresse: Volda Hospital, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Norge
Kari Standal Seksjonsleiar
Telefon: +47 70058570
E-post: kari.standal@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal