Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Medisinsk sengepost i Volda søkjer sjukepleiar i 100% vikariat frå 01.12.2026. Du vert ein del av eit sterkt fagmiljø med tett tverrfagleg samarbeid og pasientfokus.
Arbeidsoppgåver inkluderer tre-delt turnus, mottak og overføring av pasientar, og eit breitt spekter av sjukepleiefaglege oppgåver som palliasjon, medikamenthandtering og samarbeid med pårørande. Vi vektlegg personlege eigenskapar som struktur, fleksibilitet og lagarbeid, og søkjarar må ha norsk autorisasjon.
Vi har ledig tre vikariat i 100 % stilling frå 01.12.2026.
Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit sterkt fagmiljø og trivelege, engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av fagområde, med pasienten i fokus og mål om å gi best mogleg behandling og omsorg.
Sengeposten tek imot pasientar med eit breitt spekter av diagnosar, noko som gir deg som sjukepleiar varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. For tida har vi 30 sengeplassar fordelte på fire grupper.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Oppstart etter nærare avtale.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her .
Laila Moe Winjevoll,Seksjonsleiar,+47 47829022, laila.moe.winjevoll@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103Volda
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5186040953
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 30.11.2027
Søknadsfrist: 01.11.2026
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Helse og omsorgsetaten, Eining 2 Holsekerdalen omsorgsbustader
Helse og omsorgsetaten, Eining 2 Holsekerdalen omsorgsbustader