Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Helse Møre og Romsdal HF søker klinisk sosionom/barnevernspedagog til Molde. Vikariatet er ledig for 100% stilling til 1. november 2027, med oppstart etter avtale.
Søkere med relevant utdanning og erfaring frå arbeid med barn og familier oppfordres til å søke. Døgnseksjon og poliklinikkar i Molde gir eit bredt fagmiljø og tett tverrfagleg samarbeid.
Barnevernspedagog/sosionom med klinisk vidareutdanning Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har ledig vikariat for klinisk sosionom/barnevernspedagog med erfaring frå arbeid med barn i alderen 6-18 år og familiane deira.
Vikariatet er ledig fram til 1. november 2027. Oppstart etter avtale.
Søkjarar som ikkje er ferdig med, eller ikkje har starta med si kliniske utdanning, er også velkomne til å søkje.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP), og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utgreiingseining Ålesund. BUP i Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Våre tilsette på poliklinikken består av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team. Vi har blant anna eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes OCD, TF-CBT, FBT. Vi har også eige nevroteam med eigen ADHD sykepleiar. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse er forventa arbeidsoppgåve.
Dersom du synest dette høyrast spennande ut, og du tenkjar du har relevant kompetanse, så ønskjer vi å kome i kontakt med deg!
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Adresse: Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde, Norge
Kristin Silseth
Seksjonsleiar
Telefon: +47 41635875
E-post: kristin.silseth@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunnutgjava frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal