Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Helse Førde søker ein psykologspesialist til HAVO (vaksenhabilitering) i Førde. Stillinga er 100% fast og primært i poliklinikk, men det vil vere behov for ambulante oppdrag i avgrensa omfang.
Arbeidslaget er tverrfagleg og består av helsepersonell som lege, vernepleiarar og sjukepleiar. Søkjar må ha norsk autorisasjon som psykolog og god norsk framstillingsevne, og erfaring med utgreiing/nevropsykologisk testing er ein fordel.
Vi søkjer ein engasjert og dyktig psykologspesialist til eit spennande og variert fagfelt. Vaksenhabiliteringa er eit tverrfagleg team med åtte tilsette og kontorplassar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Teamet gir ambulante spesialisthelsetenester i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Kontorstad for denne stillinga er Førde.
HAVO sine tenester er retta mot vaksne personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene for psykologspesialisten i teamet. Andre oppgåver som er relevante er miljøbehandling og vurderinger i samband med inntak og avslutning av pasienter. Ofte er utfordringane til våre pasienter komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging.
HAVO har to psykologspesialist/psykolog stillingar. Dei øvrige yrkesgruppene i teamet er lege, vernepleiarar, sjukepleiar og spesialpedagog. Arbeidsforma vår er førebygging, støtte og behandling i pasienten sitt heimemiljø, tiltak i akutte kriser og rettleiing. Psykologspesialiststillinga har primært arbeid i poliklinikken, men vekentlege ambulante oppdrag må påreknast.
Vi søkjer primært etter ein psykologspesialist med interesse for fagfeltet.
Merete Stavang,Seksjonsleiar Vaksenhabilitering,(+47) 466 29 769
Svanehaugvegen 2
6812Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5201986730
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2026