Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Møre og Romsdal HF i Molde søker en klinisk sosionom/barnevernspedagog med erfaring fra arbeid med barn i alderen 6–18 år og deres familier. Vikariatet varer fram til 1. november 2027, med oppstart etter avtale.
Søknadsfrist 06.11.2026. Søkere som ikke har startet klinisk utdanning er også velkomne. Psykisk helsevern for barn og unge består av poliklinikker i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP), og en døgnseksjon med enheter i Molde og Ålesund.
Vi har ledig vikariat for klinisk sosionom/barnevernspedagog med erfaring frå arbeid med barn i alderen 6-18 år og familiane deira.
Vikariatet er ledig fram til 1. november 2027. Oppstart etter avtale.
Søkjarar som ikkje er ferdig med, eller ikkje har starta med si kliniske utdanning, er også velkomne til å søkje.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP), og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utgreiingseining Ålesund. BUP i Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Våre tilsette på poliklinikken består av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team. Vi har blant anna eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes OCD, TF-CBT, FBT. Vi har også eige nevroteam med eigen ADHD sykepleiar. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse er forventa arbeidsoppgåve.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.