Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge ved BUP Voss lyser ut ei 100% fast stilling som psykolog. BUP Voss ligg i Knutepunktet Voss, med eit tverrfagleg miljø og god tilgang til nybygde lokale.
Arbeidsoppgåver omfattar utgreiing og behandling av psykiske lidingar hjå barn og unge, koordinatoransvar for pasientar og rettleiing av foreldre. Søkjar må dokumentere særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekkjer fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.
Frå 01.01.27 har vi ledig ein 100% fast stilling som psykolog på BUP Voss. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon.
Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnader. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tek deg rett til fjells, går heile året.
Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Marianne Stordal Røynesdal, Seksjonsleiar, +47 90736587
Sjukehusvegen 16
5704Vossevangen
Marianne Stordal Røynesdal
Seksjonsleiar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.