Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Bergen søker ein medisinstudent med lisens for ein midlertidig 30% stilling ved BUP Voss, som ligg i Knutepunktet ved Voss stasjon. Du vil delta i oppfølging av pasientar under utgreiing og behandling og få rettleiing frå overlege.
Stillinga kræver midlertidig lisens eller norsk autorisasjon, og vil vere i eit tverrfagleg miljø med moglegheit for fagleg og personleg utvikling, i vakker natur utanfor døra.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekker fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.
Frå 01.01.27 til 31.12.27 har vi ledig ein midlertidig 30% stilling for medisinarstudent med lisens. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon.
Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnadar. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tar deg rett til fjells, går heile året.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.