A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Poliklinikken i Engenhuset i Bergen tilbyr ein vikariatstilling som psykolog i Rus- og avhengigheitsklinikken sin poliklinikk. Arbeidsgivar er Helse Bergen HF og staden ligg i nyoppussa lokalitet ved Håkonsgaten.
Du vil inngå i eit tverrfagleg team som inkluderer psykologspesialistar, psykologar og anna fagpersonell. Stillinga krev norsk autorisasjon som psykolog og erfaring frå rusbehandling, psykisk helsevern eller kriminalomsorg vil vere ein fordel.
Poliklinikken i Engenhuset har eit solid og unikt fagmiljø i nasjonal og internasjonal samanheng. Vi arbeider metodisk og systematisk med behandling gjennom vekentleg tverrfagleg rettleiing i team, og samarbeider med fleire solide forskningsmiljø. Rettleiinga går føre seg i team beståande av psykologspesialist og psykolog, spesialist i rusmedisin, psykiater, sosionom og vernepleiar. Sektorteamet har tett samarbeid med Betanien og Voss DPS, i tillegg til mellom anna primærhelsetjenesta. Vi har nyleg utvikla eBehandling for pengespelavhengigheit, og skal også ta i bruk eBehandling for alkoholavhengigheit.
Poliklinikken held sentralt til i heilt nye sentrale lokaler i Håkonsgaten 1 saman med fleire andre seksjoner i Rus- og avhengigheitsklinikken. Det er kort avstand til kollektivtransport. I poliklinikken er det 36 tilsette, av desse er 13 psykologspesialistar, 6 psykologar og 5 legar. Den tverrfaglege bemanninga består elles av erfarne sosionomar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar og musikkterapeut, samt merkantilt tilsette. Ein sosionom i kvart team tek ansvar for sosialfaglege oppgåver, slik at terapeutane kan ha hovudfokus på terapi og endringsprosessar. I tillegg samarbeider teama med jobbkonsulentar (IPS), som har fokus på å hjelpe pasientar som ønskjer det inn i ordinært, lønna arbeid.
Stillinga er ledig frå 4. januar 2027.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi har ledig ei vikariatstilling for psykolog i Rus- og avhengigheitsklinikken sin poliklinikk i Engenhuset.

Erlend Wittrup Djup,Seksjonsleiar,+47 90027883
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5184392907
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 23.10.2026
Seksjonsleiar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.