A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Klinikken for barn og unge ved Helse Bergen HF i Voss søker medisinstudent med lisens til ei 30% mellombels stilling. Arbeidsoppgåver omfattar leg undersøkingar og oppfølging av pasientar i utgreiing/behandling, samt medisinsk kontroll.
Krav om midlertidig lisens eller norsk autorisasjon og godkjend politiattest ved tilbod. Stillinga ligg til Sjukehusvegen 16, Vossavangen, med delvis fleksibel arbeidstid og hogt fagleg utvikling.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekker fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.
Frå 01.01.27 til 31.12.27 har vi ledig ein midlertidig 30% stilling for medisinarstudent med lisens. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon.
Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnadar. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tar deg rett til fjells, går heile året.
Marianne Stordal Røynesdal
Seksjonsleiar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.