Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Helse Bergen HF søker psykolog til BUP Ytrebygda for barn og unge. 100% vikariat med mulighet for forlenging, arbeid i eit tverrfagleg miljø på Nesttun.
Arbeidsoppgåver inkluderer utgreiing, individuell behandling, råd til skular/barnehagar og samarbeid med fleire tenester.
Ønsker du deg ein fagleg engasjerande, variert og meiningsfull jobb på ein poliklinikk med eit godt arbeidsmiljø? Likar du å jobbe sjølvstendig med god støtte frå fagleg kompetente medarbeidarar? Er du løysingsorientert og opptatt av å ha det kjekt på jobb sjølv om arbeidskvardagen kan vere travel? Då er du rett person for oss! Vi har ledig 100% vikariat for psykolog som vi oppmodar deg til å søke på. Det er moglegheit for forlenging av vikariatet.
BUP Ytrebygda held til på Nesttun og gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 13 500 barn i opptaksområdet, som består av byområdet Ytrebygda i Bergen kommune, Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune. Poliklinikken har ca. 26 tilsette, med ulik kompetanse og erfaring. Vi er organisert i to geografiske team, noko som gjer at alle får erfaring med utgreiing og behandling av alle typar psykiske lidingar og nevroutviklingsforstyrringar i heile aldersspekteret.
For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr. Lov om Helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Linda Flygel,Seksjonslejar,55978000, linda.flygel@helse-bergen.no
Østre Nesttunvegen 20
5221Nesttun
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5188308048
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 04.07.2027
Søknadsfrist: 22.10.2026
Kronstad DPS/ Seksjon for akutte tenester, Helse Bergen HF