Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Marianne Bakken Omvik ved Ålesund sjukehus søker ein fleksibel og ansvarsfull tilkallingsvikar til avdelinga. Stillinga kan omfatte helgevakter og enkelte planlagte vakter, utan rett til fast stilling. Som assistent vil du bidra til reinhald, hygiene og god logistikk i fødestover og avdelinga.
Erfaring frå reinhald er ein fordel, og helsefaglege studentar oppmuntres til å søke. Ålesund er vakker by, og stillinga gir innføring i eit tverrfagleg miljø og gode vilkår med pensjonsordning og
Vi søkjer ein fleksibel, ansvarsbevisst og påliteleg medarbeidar som kan arbeide som tilkallingsvikar ved behov. Det kan i periodar vere aktuelt å tilby enkelte planlagde vakter, inkludert helgevakter, men stillinga gir ikkje rett til fast arbeid eller fast turnus.
Stillinga kan vere særleg aktuell for sjukepleiarstudentar (1. året), eller andre over 18 år som ønskjer erfaring frå spesialisthelsetenesta.
Det er ønskjeleg at den som blir tilsett også kan vikariere for seksjonen sin faste assistent under ferieavvikling sommaren 2027.
Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus tilbyr trygge og omsorgsfulle tenester til fødande og nyfødte. Vi har eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og fokus på kvalitet, tryggleik og pasientomsorg.
Som assistent vil du vere ein viktig del av støtteapparatet som bidreg til god flyt og hygiene i avdelinga.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å høyre frå deg!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.