Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søker ein 100% fast stilling innan helse- og omsorgsfaget. Stillinga startar 01.11.2026 og vert heilt i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg.
Førarkort kl. B er krav, og vi ønskjer vernepleiar eller sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning innan psykisk helse og rus samt erfaring frå relevante fagfelt.
Ønsker du å bli vår nye kollega?
Vi har ledig ei 100% fast stilling for deg med 3-årig helsefaglig/sosialfagleg utdanning. Stillinga er ledig frå 01.11.2026.
Stillingane er p.t. i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg. Vi ønske fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar inn i stillinga grunna behov for helsefagleg kompetanse, samt medisinutdeling i turnus. Det er og ønskelig med videreutdanning innen psykisk helse, rus eller andre aktuelle fagfelt.
Avdeling for TSB Ålesund tilbyr tverrfagleg behandling til rusavhengige. Korttids døgn har 18 plassar, i tillegg til 3 brukarstyrte senger. Vi tilbyr utgreiing og behandling til rusavhengige både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar. Fagmiljøet ved seksjonen er tverrfagleg.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Noreg. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan også oppleve eit mangfald av fjordar, øyar og fjell som ventar på å begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Linn Therese Reiakvam,Seksjonsleiar,70171337 ,Linn.Therese.Reiakvam@helse-mr.no
Vestmoa 27
6018Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5173661964
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2026