A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Me har ledig ei mellombels stillingsom brukarstyrt personleg assistent frå snarast. Stillinga er eit vikariat i om lag 70% fram til 17.08.26, med moglegheit for både utvida stillingsprosent og forlenging av perioden. Dette ved å kombinere vikariatet med meir jobb i tiltaket, eller annan jobb i bu og miljø.
Stillinga er til ein mann med behov for assistanse i kvardagen. Det er til saman fire personlege assistentar i dette tiltaket. Brukaren bur i eige husvære saman med familien, og nyttar ei helg i månaden i avlastingsbustad. I arbeidet som personleg assistent får du høve til å gjere ein stor forskjell for eit anna menneske. Jobben er variert og gjevande, med gode vilkår.
Personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, avdeling bu og miljø.Bu- og miljø vart oppretta i 2018. Det er om lag 30tilsette ved avdelinga.
Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Meistring av kvardagslege aktivitetar ogsosial deltaking står i fokus. Me jobbar aktivt for å sikre fagleg kvalitet og gode tenester. Tenester som heildøgns omsorgi bufelleskap, brukarstyrt personleg assistent (BPA), avlasting, støttekontakt og omsorgsstønad ligg til eininga. Me harogså ansvar for å bygge opp aktivitetstilbod til målgruppa.
Me har høgt fokus på fagutvikling, og jobbar aktivt for å sikre gode tenester.
Me ynskjer at du er ein ressurs og ein god samtalepartnar. Du vil vere ein del av kvardagen til brukarenog delta i aktivitetar og i sosiale samanhengar etter ynskje frå brukaren.
Han treng også hjelp til:
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI
Mevil vektlegge gode samarbeidsevner og desse personlege eigenskapane:
Vi ser etter deg som er fleksibel, omsorgsfull, tolmodig, som ynskjer å gjere ein forskjell, og ha eit grunnleggandeynskje om å bidra til å gjere andre sin kvardag betre.
Verdiane våreer: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Turnusen er delt opp med dagvakter og seinvakter. Det kan også vere aktuelt med helg m/døgnvakt. Det kan vere moglegheit for å slå saman vakter slik at ein kan jobbe langvakter i vekedagar.Det kan også leggast til rette for korte vakter på helg om dette er ynskjeleg.
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Metek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kangjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb uten omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
NB! Me overfører tilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.