Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Førde i Førde søkjer ein overlege i onkologi for eit 100% vikariat som kan bli fast tilsett etter endt vikariat. Kreftavdelinga er ein del av Medisinsk klinikk og har eit ungt, utviklingsorientert fagmiljø. Avdelinga har ansvar for regional onkologi, hematologi og palliasjon.
Arbeidet inkluderer rettleiing, supervisor og undervisning, samt tilsyn ved henvisningar internt på sjukehuset. Krav: god norsk samt god fagleg vurderingsevne og evne til å arbeide strukturert.
Onkolog i Førde - bli del at eit fagmiljø i vekst og utvikling.
Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% vikariat som overlege innan onkologi. Det er mogleg å få fast tilsetting etter endt vikariat .
Kreftbehandlinga er i rask utvikling, og vi ønskjer å vere med i denne utviklinga ved å auke ressursane våre innanfor onkologi. Vi er eit ungt og utviklingsorientert fagmiljø med engasjerte legar, sjukepleiarar og sekretærar. Vi har sterkt fokus på samarbeid, trygge og gode pasientforløp.
Avdelinga er organisert under Medisinsk klinikk og består av sengepost med 10 senger innan onkologi, hematologi og palliasjon, i tillegg til poliklinisk verksemd. Avdelinga har ansvar for store deler av medikamentelt retta behandling til den vaksne befolkinga i Sogn og Fjordane med ca 110 000 innbyggjarar.
Vi har idag åtte overlegestillingar fordelt på tre onkologar, fire hematologar og ein overlege innan palliasjon, samt fem legar i spesialisering. Stillinga inngår i ei 6-delt vaktordning: kl 16:00 - 19:00 på kvardagar, og kl 09:00 - 14:00 på helg- og høgtidsdagar.
Kreftavdelinga i Helse Førde har eit sterkt forskingsmiljø med mange moglegheiter for tilsette. Avdelinga deltek i fleire nasjonale og internasjonale kliniske studiar, og har også eigne studiar som blir leia av overlegar og forskarar i avdelinga. Fokuset i studia ligg i stor grad på å forbetre tilpassa/personsentrert behandling. Det er mogleg å delta i forskingsprosjekt og fleire overlegar og sjukepleiarar har doktorgrad eller tek doktorgrad ved sida av klinisk arbeid.
Frå 2028 skal Helse Førde også få medisinstudentar som ein del av «Vestlandslegen». Det vil då vere mogleg å bidra i undervisning eller opplæring.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.