Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Helse Førde søker legar med fullført LIS1, LIS1-ventarar og medisinstudentar med lisens til vikariatet. Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi og EEG-laboratorium. Eit fagmiljø i utvikling.
Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. Deltaking i forvaktordning og i tverrfagleg samarbeid med andre einingar og faggrupper.
Legar med fullført LIS1, LIS1-ventarar og medisinstudentar med lisens kan søkje og bli vurderte for vikariatet.
Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi og EEG-laboratorium.
Eit fagmiljø i utvikling
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene våre og organiseringa av arbeidet.
Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.