A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Førde HF søker seksjonsleiar ved medisinsk sengepost 1 i ein kontinuerleg utviklingsprosess. Du har eit heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi, i tett samarbeid med avdelingssjefen.
Du må ha autorisasjon som sjukepleiar og erfaring som leiar i helsetenesta, samt god kjennskap til faglege og driftsmessige utfordringar i indremedisinsk sengepost. Søkjarar blir støtta i vidareutdanning og fagleg utvikling.
Vi søkjer deg som vil vere med å leie ein sengepost i kontinuerleg utvikling, der fagleg engasjement, kvalitetsforbetring og pasientbehandling står sentralt.
Om avdelinga
Medisinsk sengepost 1 har nyresjukdommar, diabetes, endokrinologi, hjartesjukdommar og geriatri som spesialiserte fagfelt, og samarbeider tett med medisinsk sengepost 2 som i hovudsak har pasientar innan mage- og tarmsjukdommar, lungesjukdommar, lungekreft og utgreiing. Sengepost 1 driftar i tillegg geriatrisk poliklinikk tilknytta sengeposten.
Vi søkjer deg som vil vere med å leie ein sengepost i kontinuerleg utvikling, der fagleg engasjement, kvalitetsforbetring og pasientbehandling står sentralt.
Om stillinga
Seksjonsleiar har einskapleg ansvar for fag, økonomi og personal og har avdelingssjef som næraste overordna. Det er tett samarbeid med lege- og sekretærtenesta på posten samt med seksjonsleiar og tilsette ved Medisinsk sengepost 1.
For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som sjukepleiar. Det er ein fordel medgod kjennskap til faglege og driftsmessige utfordringar i ein indremedisinsk sengepost, samt vidareutdanning innan helseleiing.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.