Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Synnøve Haram Rotnes ved Ålesund sjukehus søker ein onkolog med norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning innan onkologi for 100% fast stilling frå 4. januar 2027. Du vil bidra til vidare utvikling av eit godt pasienttilbod i tett samarbeid med kollegaer across fagfelt.
Vi tilbyr eit sterkt tverrfagleg miljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, og ein inkluderande arbeidsplass med lønn etter overeinskomstar og god offentleg pensjonsordning.
Vil du vere med å utvikle kreftbehandlinga i ei moderne og fagleg sterk eining, som i tillegg har eit godt arbeidsmiljø?
Ved Kreftavdelinga på Ålesund sjukehus har vi ledig 100 % fast stilling for spesialist i onkologi fra 4. januar 2027. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk onkolog som ønskjer å bidra til videre utvikling av eit godt pasienttilbod, i tett samarbeid med kollegaer på tvers av fagområde.
Det onkologiske tilbodet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består mellom anna av;
Onkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt med tanke på nye behandlingsmetodar og teknikkar. Faget gir gode høve for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.
Seksjonen gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.
Vi søkjer deg som:
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her .