A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus i HMR søkjer ein engasjert overlege i palliativt team for heiltidsstilling frå 1. april 2027.
Du vil bidra til utvikling av palliasjon som fagfelt, og gi pasientar og pårørande behandling og oppfølging av høg kvalitet. Stillinga gir moglege deltids- eller kombinasjonsløysingar. Arbeidet krev samarbeid på tvers av nivå i helsetenesta.
Vil du vere med å forme framtidas palliative teneste i Møre og Romsdal?
Ved Kreftavdelinga Ålesund sjukehus har vi ledig 100 % fast stilling som overlege i palliativt team frå 1. april 2027.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk lege som ønskjer å bidra til utvikling av palliasjon som fagfelt, og til å gi pasientar og pårørande behandling og oppfølging av høg kvalitet.
Palliativ medisin er eit fagområde i sterk utvikling og omfattar avansert symptomlindring, medisinske vurderingar, kommunikasjon og tett samarbeid med både spesialist- og kommunehelsetenesta. Stillinga gir unikt høve til å arbeide breitt klinisk og samtidig bidra til fagutvikling, undervisning og samhandling på tvers av nivåa i helsetenesta.
Vi lyser i utgangspunktet ut stillinga som ei fast 100 % stilling, men vi oppmodar også legar som ønskjer deltidsstilling eller kombinasjonsstilling til å søkje. Det kan vere aktuelt å dele stillinga mellom to søkjarar, om ein ser dette som mest hensiktsmessig gjennom søknads - og tilsettingsprosessen.
Om palliativt team;
Palliativt team ved Ålesund sjukehus er organisert i Kreftavdelinga og arbeider tett saman med andre spesialistar, sjukepleiarar og andre faggrupper kring pasientar med alvorleg sjukdom og komplekse symptom. Teamet har ei sentral rolle i samhandlinga mellom sjukehuset og kommunane, og bidreg med rådgiving, rettleiing og kompetansebreidding til helsepersonell i heile regionen.
Arbeidet omfattar pasientar med kreftsjukdom, men og pasientar med andre alvorlege og livsavgrensande sjukdomar som har behov for spesialisert palliasjon.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her .
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det videre eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal