Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar

Tom Erik Erlandsen

Ålesund

On-site

NOK 700,000 - 800,000

Full time

9 days ago

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Politidistriktet i Norge søker ein erfaren operativ kriminalanalytikar til å ta ansvar for fagområde operativ kriminalanalyse og bidra i dei mest krevjande sakene. Stillinga krev sterk digital kompetanse, etisk integritet og evne til å jobbe systematisk.

Du vil ha fagforvaltningsansvar for telefoni, Mercure og operativ kriminalanalyse, og bidra med opplæring og metodeutvikling. Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team i ein travel etterforsking.

Qualifications

  • Fullført og bestått Politihøgskulen.
  • Operativ kriminalanalyse VEF nivå eller KRIPOS modul 1–3.
  • Erfaring frå 100% stilling som operativ kriminalanalytikar.
  • God kompetanse på prosjektarbeid i politiet, telefoni, Excel, Analyst Notebook, iBase og Mercure.
  • Videreutdanning i etterforsking (VEF).
  • God teknologforståing.

Responsibilities

  • Utføre analyse av taktiske, tekniske og digitale spor innan etterforsking og etterretning.
  • Lede analyseteam i straffesaker.
  • Delta som analytikar i etterforskings- eller etterretningsteam.
  • Framlegge større sakskompleks i retten.
  • Utarbeide analysarapportar og presentasjonar.
  • Andre arbeidsoppgåver innan avsnittet.

Skills

Samarbeids- og kommunikasjonsevner
Analytisk tenkning
Kritisk tenkning
Digital kompetanse

Education

Politi-høgskulen
VEF / etterforsking kurs
KRIPOS modul 1-3

Tools

Excel
Analyst Notebook
iBase
Mercure

Job description

Om stillinga

Er du klar for å ta ei avgjerande rolle i etterforskinga av dei mest alvorlege straffesakene til politidistriktet? Vi ser etter dyktige analytikarar som trivst med tempoet, presset og jakta i den innleiande fasen, men som også har tolmodet og nysgjerrigheita som trengst for å gå i djupna i langvarige og detaljerte analysar. Arbeidstad for stillinga som fagansvarleg er enten Ålesund eller Molde. Ved eit eventuelt internt opprykk til stilling som fagansvarleg kan det i tillegg bli ledig ei fast stilling som operativ kriminalanalytikar.

Fagområdet operativ kriminalanalyse er stadig i endring, og blir meir styrt av den teknologiske utviklinga. Informasjonsmengdene blir større, og du må evne å bli med på denne utviklinga, og dessutan handtere endringar og nye måtar å løyse utfordringane på. Dette gjer at du må ha kompetanse og interesse for IT og programvare. Som fagansvarleg operativ kriminalanalyse vil du ha fagforvaltningsansvar for telefoni, Mercure og operativ kriminalanalyse - og samtidig hjelper du med operative kriminalanalysar i dei mest kompliserte sakene, under dette etterforskingsbistand til politidistriktet. I tillegg har funksjonen distriktsansvar for fagutvikling og metodeutvikling innan operativ kriminalanalyse. Seksjonen har eit godt fagleg arbeidsmiljø der kompetanseutvikling står høgt på dagsorden.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi søkjer ein erfaren og strukturert medarbeidar med sterk digital kompetanse og evne til kritisk tenking. Du jobbar målretta og systematisk, har god forståing for informasjonsbehandling og evnar å stille dei viktige spørsmåla - også når det utfordrar det etablerte. Du deler kunnskap, og bidreg til fagleg utvikling og eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

Som operativ kriminalanalytikar må du ha høg fagleg kompetanse, etisk integritet og profesjonell opptreden. Du byggjer tillit gjennom tryggleik, nærvær og å vere lydhøyr, og representerer politiet med gode haldningar. Deltaking i relevante faggrupper og prosjekt er ein naturleg del av stillinga.

Arbeidsoppgåver
  • utføre analyse av taktiske, tekniske og digitale spor innan etterforsking og etterretning
  • leie analyseteam i straffesaker
  • delta som analytikar i etterforskings- eller etterretningsteam
  • framlegge større sakskompleks i retten
  • utarbeide analyserapportar og presentasjonar
  • andre arbeidsoppgåver innan ansvarsområda til avsnittet

For stillinga som fagansvarleg skal ein i tillegg utøve fagansvar for funksjonen operativ kriminalanalyse, under dette:

  • bidra i arbeidet med metodeutvikling innan operativ kriminalanalyse
  • bidra med undervisning/kompetanseoverføring innan fagområdet operativ kriminalanalyse
  • leie/delta i relevante arbeidsgrupper, prosjekt og møte
  • vere politidistriktet si kontakt for prosjektarbeid i straffesak, Mercure, telefoni og iBase
Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert til stillinga som fagansvarleg:

  • fullført og bestått Politi(høg)skulen
  • operativ kriminalanalyse PHS nivå 1 og 2, alternativt KRIPOS modul 1-3 eller KRIPOS modul 1 og 2 (2.0)
  • erfaring frå 100% stilling som operativ kriminalanalytikar
  • god kompetanse på prosjektarbeid i politiet, telefoni, Excel, Analyst Notebook, iBase og Mercure
  • videreutdanning i etterforsking (VEF)
  • god teknologiforståing

Det er også ønskjeleg med

  • relevant erfaring frå komplekse etterforskingssaker
  • kunnskap om ulike former for skjulte metodar
  • erfaring med undervising/kompetanseoverføring
  • anna relevant utdanning/kurs

Dette må du ha for å vere kvalifisert som operativ kriminalanalytikar:

  • fullført og bestått Politi(høg)skulen
  • studiar eller kurs innan operativ kriminalanalyse, og vere villig til å gjennomføre nødvendige studier/kurs innan operativ kriminalanalyse du manglar
  • relevant erfaring frå politiet, hovudsakleg innan etterforsking
  • god teknologiforståing

Det er også ønskjeleg med

  • relevant erfaring innan operativ kriminalanalyse
  • erfaring med prosjektarbeid i politiet, telefoni, Excel, Analyst Notebook, iBase og Mercure
  • relevant erfaring frå komplekse etterforskingssaker
  • kunnskap om ulike former for skjulte metodar
  • anna relevant utdanning/kurs

For begge stillingar gjeld krav om plettfri vandel og at ein er skikka for teneste i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet.

Personlege eigenskapar
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har evne til å vise initiativ og handlekraft
  • er strukturert og analytisk, med evne til å jobbe sjølvstendig
  • er kreativ og løysingsorientert
  • har god rolleforståing
  • bidreg til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .

Dette kan vi tilby om du vel oss
  • eit levande tekmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
  • fast stilling som politioverbetjent (stillingskode 0287) med brutto årslønn frå kr. 700 000
  • for eventuell ledig fast stilling som operativ kriminalanaytikar gjeld følgande for politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1547), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjent
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
  • godtgjersle etter gjeldande ATB belastande unntak, for tida kr. 44 708, og tillegg for eventuell beredskapsteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • gode arbeidsvilkår som dagtidsarbeid, fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglement for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Etterforskar
Etterforskar

Arne Lid Skodje • Ålesund

On-site
NOK 560,000 - 760,000
IA-bedrift
Trening i arbeidstida
Tenesteplanleggjar
Tenesteplanleggjar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 650,000 - 735,000
Fastlønn 650 000–735 000 NOK
Medlemskap i SPK
Fleksibel arbeidstid
+2
Politifullmektig/politiadvokat
Politifullmektig/politiadvokat

Julie Ulstein • Ålesund

On-site
NOK 610,000 - 700,000
Fast stilling
Lønn 610 000–700 000 NOK
Fleksibel arbeidstid
+1
Patruljeleder i Svolvær
Patruljeleder i Svolvær

Andreas Bjørnstad • Svolvær

On-site
NOK 650,000 - 700,000
Politiadvokat til Financial Intelligence Unit
Politiadvokat til Financial Intelligence Unit

Anne Mette Wadman • Oslo fylke

On-site
NOK 860,000 - 910,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstida
Tenesteplanleggjar
Tenesteplanleggjar

Jan Magnar Sandvik • Ålesund

On-site
NOK 600,000 - 735,000
Fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstida
Bedriftshelsetjeneste & IA-bedrift
Politibetjent, patrulje IP4
Politibetjent, patrulje IP4

Frode Forslund • Vennesla

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Pensjonsordning
Gratis parkering
Trening i arbeidstiden
Næringslivskontakt
Næringslivskontakt

Susanne Moe Zachariassen • Arendal

On-site
NOK 730,000 - 760,000
Pensjonsordning
Kompetanseutvikling
Inkluderende arbeidsmiljø
Vi søker analytiker til styrket etterretningsinnsats mot narkotikarelatert kriminalitet
Vi søker analytiker til styrket etterretningsinnsats mot narkotikarelatert kriminalitet

Arild Bruvoll • Oslo fylke

On-site
NOK 640,000 - 760,000
Førstekonsulent
Førstekonsulent

Odilia Gomes Togstad • Gryta

On-site
NOK 560,000 - 610,000