An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Helse Møre og Romsdal HF i Volda stiller tre vikariat som autoriserte operasjonssjukepleiarar ved operasjonsavdelinga på Volda sjukehus. Stillingane er heiltids og 100% stillingsprosent, med oppstart før/etterslepp og varigheit til 31.8.2027 for ein eller fleire av periodene.
Arbeidsdagen inneheld operasjonsjukepleie innan ortopedi, generell kirurgi, urologi, gynekologi og fødselshjelp, i eit aktivt fagmiljø med fokus på kvalitet og pasienttryggleik.
1x 1.12.26 - 31.8.27
07.10.2026
Operasjonssjukepleiar Operasjon Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Vi har ledige tre vikariat for autoriserte operasjonssjukepleiarar ved operasjonsavdelinga på Volda sjukehus.
1x 1.12.26 - 31.8.27
2x 1.12.26 - 31.5.27 (inntil 6 mnd.)
Det kan vere moglegheit for forlenging av vikariata, og det kan òg vere aktuelt med oppstart før 1. desember 2026.
Seksjon for operasjon i Volda utfører operasjonar innan ortopedi, generell kirurgi, urologi, gynekologi og fødselshjelp. Seksjonen deltek også i sjukehuset sitt traumeteam og har ein variert og spennande arbeidskvardag. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med høg kompetanse og fokus på kvalitet og pasienttryggleik. Arbeidskvardagen er prega av tett tverrfagleg samarbeid, høgt tempo og varierte oppgåver, alltid med pasienten i sentrum.
Seksjonen har stor aktivitet. Vi søkjer deg som er fagleg interessert, samarbeidsviljug og trivst i eit aktivt og utviklande arbeidsmiljø.
07.10.2026
Helse Møre og Romsdal HF
Volda
Operasjonssjukepleiar
3
Heiltid
Vikariat
100
5183926798
Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Volda sjukehus, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Norge
Camilla Brungot Kile
Konstituert seksjonsleiar
E-post: Camilla.Brungot.Kile@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.