Vil du ha ein meiningsfull ekstrajobb? Har du lyst til å bruke ferie – eller ledige dagar elles i året – på å gjere ein forskjell for menneske som treng støtte, meistring og omsorg? Time kommune søkjer no engasjerte tilkallingsvikarar innan psykisk helse og rus.
Hos oss får du: Verdifull erfaring innan helse- og omsorgsarbeid Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Moglegheit til å bidra til at menneske får ein trygg og meiningsfull kvardag Me kallar inn til intervju fortløpande – så ikkje vent med å søke!
Slik søker du: Skriv i søknaden kva for ei avdeling du ønskjer å jobbe ved – og gjerne kvifor Oppgi om du søker som helgestilling, tilkallingsvikar – eller begge deler Merk om du ønskjer å jobbe dag/kveld/natt/langvakt.
Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag.
Våre avdelingar:
- Rørvika omsorgsbustadar Heildøgns omsorgsbustadar for menneske med fysisk, psykisk og/eller kognitiv svikt. Turnus: dag/kveld/natt/langvakt Kontakt: avd.leiar Bjørg Bø McDowell, tlf. 958 18 646
- Svertingstad/Kolheia bufellesskap Svertingstad: Døgnbemanna bufellesskap for menneske med samtidig psykisk- og rusliding Kolheia: Bufellesskap for menneske med psykiske lidingar Turnus: dag/kveld/natt/langvakt Krav: førarkort klasse B (manuell) og alder over 18 år Kontakt: avd.leiar Astri Rosland, tlf. 959 15 934
- Meistringssenteret Gir oppfølging til menneske med utfordringar innan psykisk helse og/eller rus. Krav: førarkort klasse B (manuell) Kontakt: avd.leiar Cathrine Kleppe, tlf. 473 88 387
- Svendsenhuset Dag- og aktivitetssenter som tilbyr eit variert aktivitetstilbod for personar over 18 år. Krav: søkar må vere over 18 år Kontakt: avd.leiar Cathrine Kleppe, tlf. 473 88 387
Dette er jobben for deg som er engasjert, fleksibel og ønskjer å bidra til eit varmare samfunn.
Arbeidsoppgåver
Som vikar skal ein være med å gje nødvendig helsehjelp og stell etter dei retningslinjene som ligg føre i kvar avdeling.
Kvalifikasjonar
- Offentlig godkjendt vernepleiar/sjukepleiar
- Helsefagarbeidar og hjelpeplaiar
- Sjukepleiar/vernepleiar studentar
- Elevar med helsefaglig bakgrunn
- Assistentar
- Erfaringar fra arbeid innen helse og omsorg er ein fordel, men opplæring blir gitt.
- Dersom du har anna morsmål enn norsk må du dokumentere at du har tilsvarende B2 nivå.
- Krav om politiattest.
- Du forplikter deg til arbeid i heile perioden du oppgir.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du hente fra Vitnemålsportalen. Har du utdanning fra utlandet må du legge ved generell og/eller yrkesgodkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet.
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast.
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg.
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar.
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg.
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen.
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø.
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling.
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Astrid Rosland, Avdelingsleder
Arbeidsstad
Arne Garborgs veg 30
4344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5016719283
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 31.12.2026