Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Voss herad søkjer miljørettleiar/fagarbeidar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare.
Me ynskjer ein person som bidreg til eit trygt og godt skulemiljø, og som samarbeider tett med pedagogisk personale for å utvikla skulen og lærarane sine opplegg. Me tilbyr eit godt fagmiljø, forsikringar og pensjonsordningar og eit miljø prega av samarbeid.
Voss herad søkjer miljørettleiar/fagarbeidar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen videre.
Me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt for å fremja livsmeistring og medborgarskap i skulen vår. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å videreutvikla vossaskulen og skapa ein felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Om du har gullmedalje fra OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt.
Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneholdaf namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for hver søkjar.
I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysninger om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vera oppført på søkjarlista.