Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Voss herad inviterer til ei 100% stilling som miljørettleiar i Integreringstenesta med snarlig oppstart. Stillinga varer i eitt år med moglegheit for forlengering og har ansvar for busetting og oppfølging av flyktningar i tråd med kommunale vedtak.
Du blir del av eit fagleg sterkt miljø i Knutepunktet, med integreringsrådgjevarar og miljøarbeidarar, og du deltar i kurs og rettleiingstilbod for busette flyktningar. Krav om relevant høgskuleutdanning og førarkort for bil vert lagt vekt på.
Integreringstenesta har ledig vikarat - miljørettleiar - 1 stilling, 100 %, med oppstart snarast mogleg. Varigheit 1 år med moglegheit til forlenging
Voss herad skal etter avtale med IMDi busetje flyktningar, men me buset og flyktninger frå ulike konfliktområde.
Stillinga er i Integreringstenesta vår, som held til i Knutepunktet. I Integreringstenesta blir du del av eit fagleg sterkt miljø, med integreringsrådgjevarar, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. Tenesta har ansvar for planlegging og gjennomføring av busetting i tråd med heradet sine vedtak, og oppfølging av busette flyktningar dei første åra dei bur på Voss. Ein viktig del av dette er oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogram.
Hovudoppgåvene i stillinga er knytte til busetting og oppfølging av flyktningar, med særleg vekt på miljøterapeutisk arbeid, busetting, rettleiing og deltaking i kurs.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Stillinga kan og innebere andre oppgåver innanfor tenesta sitt ansvarsområde, ut frå behovet i avdelinga. Dette kan mellom anna vere rådgjeving og sakshandsaming etter gjeldande lovverk og lokale vedtak.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Om du har gullmedalje fra OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.