Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Voss herad søker ein engasjert avdelingsleiar som kan byggje gode tenester for menneske med funksjonsnedsettingar. Du blir del av ei leiarlagsgruppe og får fagleg støtte, med ansvar for personal, fag og økonomi i Skulestadvegen og Skulestadtunet.
Du vil arbeide strukturert, vere løysingsorientert og bidra til utvikling, samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartnarar, og finne løysingar som gagnar brukarane og eininga.
Er du vår nye avdelingsleiar?
Vil du vera med og utvikla gode tenester for menneske med funksjonsvariasjoner?
Voss herad søkjer engasjert avdelingsleiar med hjarta for menneske og blikk for utvikling.Eining menneske med nedsett funksjonsevne (MMNF) har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar i Skulestadvegen og Skulestadtunet. Du er ein del av ei leiargruppe på seks personar, med gode moglegheiter for fagleg støtte og samarbeid.Du vil også ha tilgang til fagrådgjevarar og andre støttespelarar som bidreg til utvikling av gode tenester og eit godt arbeidsmiljø.
Som avdelingsleiar får du ei viktig rolle i å skapa gode tenester, ein trygg kvardag for tenestemottakarane og eit godt arbeidsmiljø for medarbeidarane.
Du vil mellom anna:
Det er ein fordel om du har leiarutdanning og/eller leiarerfaring. Som leiar er du trygg og tydeleg, og du byggjer gode relasjonar til både medarbeidarar, tenestemottakarar og pårørande. Du er løysingsorientert og får folk med deg, samstundes som du trivst med ansvar, utvikling og endring. Du arbeider strukturert, tek initiativ og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.