Skulestadtunet/vegen omsorgsbustad

Siri Finne

Voss

On-site

NOK 360,000 - 480,000

Part time

3 days ago
Be an early applicant
Application generator

A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Rekrutteringstillegg

Job summary

Siri Finne i Vestland søker vernepleiar til 80% fast stilling ved Skulestadvegen omsorgsbustad. Turnusarbeid inkluderer dagtid, seinvakter, langvakter, helg og natt, med moglegheit for langvakter laurdag/søndag.

Vi fokuserer på kvardagsmeistring, sjølvstende og sjølvråder. Autorisasjon som vernepleiar og godt norsk språk er krav, together med Førarkort klasse B.

Qualifications

  • Autorisasjon som vernepleiar.
  • Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B.

Responsibilities

  • Vere pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluering av tiltak.
  • Medikamenthandtering.
  • Primærkontaktansvar.
  • Skapa tryggleik og struktur.
  • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar.
  • Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for bebuarane.

Skills

Norsk språk
Datakunnskap
Førarkort B

Education

Autorisasjon som vernepleiar

Job description

Ynskjer du ein gjevande og meiningsfull jobb med fokus på god livskvalitet i eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer? Då må du søkje her!

Skulestadtunet- og Skulestadvegen omsorgsbustad har ledig 80% fast stilling som vernepleiar.Stillinga er i turnus med arbeid på dagtid, seinvakter, langvakter, helg, og kvilande nattevakt.Me har eit fokus på kvardagsmeistring, med fokus sjølvstende og sjølvråde. Bebuarane skal få bistand til å ta eigne val ved hjelp av rettleiing og avgjerdsstøtte. Dette krev at personalet kan sjå den enkelte, og legge til rette for individuelle behov.

Me tilbyr
  • 80% fast stilling som vernepleiar
  • 16.000,- i rekrutteringstillegg for nytilsett vernepleiar
  • Årsturnus
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter laurdag/søndag
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som vernepleiar
  • Gode kunnskapar i norsk, både munneleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar
  • Førarkort klasse B

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.

Me ynskjer deg som :
  • har kunnskap om og interesse for å arbeide innan fagfeltet menneske med nedsett funksjonsevne
  • er fagleg dyktig og opptatt av kvalitet i arbeidet du utfører
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver
  • Vere pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluering av tiltak
  • Medikamenthandtering
  • Primærkontaktansvar
  • Skapa tryggleik og struktur
  • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
  • Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for bebuarane på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking og har fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp

Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Kvifor velja Voss herad?

Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Skulestadtunet/vegen omsorgsbustad
Skulestadtunet/vegen omsorgsbustad

Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad • Voss

On-site
NOK 420,000 - 540,000
16.000,- i rekrutteringstillegg
Årsturnus
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
+1
Assistent
Assistent

Voss herad • Vossavangen

On-site
NOK 140,000 - 190,000
Livredning/Førstehjelp opplæring
Brannansvar
Reinhald og driftsrutinar
6,5 % fast stilling som assistent Hagahaugen drift
6,5 % fast stilling som assistent Hagahaugen drift

Silje Lønøy Lien • Vossavangen

On-site
NOK 260,000 - 340,000
Løn etter kommunalt avtaleverk
Opplæring innan livredning/fyrstehjelp
Brannansvar
Reinhaldar- faste stillingar
Reinhaldar- faste stillingar

Voss herad • Vossavangen

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Gode vilkår for fagleg utvikling
Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
+1
50 % vikariat som assistent i Hagahaugen drift ut 2027 med moglegheit for forlenging
50 % vikariat som assistent i Hagahaugen drift ut 2027 med moglegheit for forlenging

Silje Lønøy Lien • Voss

On-site
NOK 90,000 - 130,000
Løn etter kommunalt avtaleverk
Full opplæring innan livredning/ fyrst
Liker du å gjera reint, å vera til nytte for andre? Då har me kanskje jobben for deg!
Liker du å gjera reint, å vera til nytte for andre? Då har me kanskje jobben for deg!

Sigurd Sandvold • Vossavangen

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Fagleg utvikling
Tverrfagleg miljø
Pensjonsordningar
Miljørettleiar vikariat
Miljørettleiar vikariat

Voss herad Integreringstenesta • Voss

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Faglig utvikling
Tverrfaglig miljø
Lokaler i Knutepunktet
+2
Avdelingleiar Skulestadtunet og Skulestadvegen
Avdelingleiar Skulestadtunet og Skulestadvegen

Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad • Voss

On-site
NOK 700,000 - 1,000,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Liker du å gjera reint, å vera til nytte for andre? Då har me kanskje jobben for deg!
Liker du å gjera reint, å vera til nytte for andre? Då har me kanskje jobben for deg!

Voss herad Reinhaldsavdelinga • Vossavangen

On-site
NOK 360,000 - 480,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løn etter kommunalt avtaleverk
Fast stilling som sjukepleiar på natt ved Vossestrand Omsorgstun
Fast stilling som sjukepleiar på natt ved Vossestrand Omsorgstun

Voss herad Område nord • Vinje

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Fast rekrutteringstillegg
Årsturnus
Forsikrings- og pensjonsordningar
+3