Miljørettleiar/fagarbeidar fast stilling

Voss herad

Vossavangen

On-site

NOK 320,000 - 420,000

Part time

4 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

gode vilkår for fagleg utvikling
ein god arbeidsplass med dyktige kolle
eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
gode forsikrings- og pensjonsordningar
løn etter kommunalt avtaleverk og els

Job summary

Voss herad søkjer miljørettleiar/fagarbeidar ved Palmafossen skule som vil arbeide 70% av full stilling. Rolla krev engasjement for elevar med særskilte behov, evne til å vere strukturert, og å handtere ei travel skulekvardag.

Ein varm vilje til å skape livsmestring og medborgarskap i Voss-skulen er viktig. Stillinga er knytt til Palmafossen skule i Voss kommune og gjev moglegheit til å bidra i eit tverrfagleg miljø med dyktige kollegaer.

Qualifications

  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Du har utdanning innan sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller annan relevant høgskuleutdanning.
  • Annan relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan bli vurdert.

Responsibilities

  • Arbeide i team som støttar elevar i ordinær undervisning og i SFO.
  • Planlegg og gjennomfør opplegg eller støtt elevane i undervisinga basert på læraren sitt opplegg.
  • Bidra til eit trygt og inkluderande miljø og mellom elevar, føresette og tilsette.

Skills

Norskkunnskap
Engasjement

Education

Relevant utdanning

Job description

Voss herad søkjer miljørettleiar/fagarbeidar i fast 70 % stilling med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen videre, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skape livsmestring og medborgarskap i vossaskulen.

Om arbeidsstaden

Palmafossen skule - Voss herad

Me Tilbyr
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • ein god arbeidsplass med dyktige kollegaer
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonar
  • Vi søker deg med utdanning innan sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller har annen relevant høgskuleutdanning.
  • Anna relevant utdanning og/eller arbeidserfaring med barn med særskilte behov kan bli vurdert.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.

Me Ynskjer Deg Som

har eit stort engasjement for elevar med særskilte hjelpebehov. Du må kunne ta ansvar, vera strukturert og kunne handtere ein hektisk arbeidskvardag - og samtidig evne å snu deg rundt dersom det er behov for det. Å arbeida med elevar med særskilte behov kan vera både lærerikt men også krevjande - du blir ein viktig brikke i "laget rundt barnet". Sidan elevane kan ha både særskilte og store hjelpebehov, så er det difor avgjerande at du kan kommunisere godt,og er i stand til å etablere gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer. Du vil arbeide tett med andre tilsette rundt eleven, så vi ynskjer ein som kan bidra aktivt til å skape eit godt arbeidsmiljø. Sjølv om du kanskje både har utdanning og erfaring, så er det viktig at du også er interessert og nysgjerring på å læra og likar å vera i utvikling. Å arbeida med barn med store hjelpebehov handlar om å tilpassa skulekvardagen til kva som passar eleven, og som kan føre til gode skulekvardagar for eleven. Det kan vera dagar som ein opplever som lærerike og interessante - men det vil også vera krevjande dagar der det kan vera utagering og atferd. Vi ynskjer deg som står støtt, med eit varmt hjarte, i møte med heile mennesket.

Arbeidsoppgåver

Du inngår i eit team som arbeider kring einskildelevar som har si undervisning utanfor klasserommet, og du vil få timar der du er ei støtte på elever i ordinær klasse. Lærarar planlegg opplegget til elevane, og er dei som har planleggingstida for elevane. Du vil vera den som skal gjennomføra opplegg eller støtte elevar i undervisninga ut fra dette. Du vil vera ein del av eit team der dine innspel, forslag og tankar er avgjerande for at elevane skal få best mogleg undervisning, og der du er ein viktig brikke for at dette skal skje. Du vil arbeide med elever med ulike diagnosar og ulik behov for oppfylging. Dei tilsette ved skulen legg til rette for læring, kvardagslivstrening, og auka sjølvhjelpsferdigheiter hjå elevane, og gjev naudsynt stell og omsorg. På SFO planlegg miljørettleiarane og fagarbeidarane våre aktivitetar som fremjar leik og sosiale ferdigheiter. Bruk av dagsplanar og kommunikasjon ved hjelp av ulike kommunikasjonshjelpemiddel er sentrale både i undervisningstida og på SFO. Me samarbeider tett kring den einskilde eleven. Søkjaren må kunne arbeide med alle elevar og grupper med dei gleder og utfordringar det fører med seg. Søkjaren må rekna med arbeidstid kvar dag med arbeidstid i tidsperioden mellom kl.07.30 og 16.15.

Stillinga fyl kalenderåret. Dette betyr at ein er på jobb også i utvida sfo når skulen ellers er stengt.

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.

I fylgje offentlighetsloven

  • 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Palmafossen skule
Palmafossen skule

Kristine Jordalen • Voss

On-site
NOK 350,000 - 480,000
Utviklingsvilkår
Dyktige kollegaer
Tverrfaglig miljø
+2
Palmafossen skule
Palmafossen skule

Voss herad Palmafossen skule • Voss

On-site
NOK 360,000 - 420,000
Fagleg utvikling
Dyktige kollegaer
Tverrfagleg miljø
+2
Gullfjordungen skule
Gullfjordungen skule

Steinar Rygg • Vossavangen

On-site
NOK 312,000 - 379,000
Gode utviklingsvilkår
Tverrfaglig miljø
Yrkesforsikring
+2
Vikariat fagarbeidar og/eller assistent
Vikariat fagarbeidar og/eller assistent

Voss herad • Vossavangen

On-site
NOK 280,000 - 360,000
Gode pensjonsordningar
Yrkes­kade- og gruppelivsforsikring
Løn etter kommunalt avtaleverk
Lærar ved Fjærland oppvekstsenter
Lærar ved Fjærland oppvekstsenter

Sogndal kommune • Sogndal

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Vil du vera med å vidareutvikla vossaskulen-
Vil du vera med å vidareutvikla vossaskulen-

Magnar Helland • Voss

On-site
NOK 700,000 - 1,000,000
Fagarbeidar/assistent vikariat
Fagarbeidar/assistent vikariat

Voss herad • Vossavangen

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Trivsel på arbeidsplassen
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løn etter kommunalt avtaleverk
Lærar ved Fjærland oppvekstsenter
Lærar ved Fjærland oppvekstsenter

Sogndal kommune Fjærland oppvekstsenter • Sogndal

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
40% mellombels stilling i SFO
40% mellombels stilling i SFO

Øygarden kommune • Straume

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Pensjons- og forsikringsordninger
Kunnskapsrike kollegaer
Fagleg og personleg utvikling
Lærar ved Fjærland oppvekstsenter
Lærar ved Fjærland oppvekstsenter

Torbjørn Aske • Sogndal

On-site
NOK 500,000 - 650,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Løn etter gjeldande avtaleverk
Top locations