A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Voss herad Palmafossen skule i Voss kommune søkjer miljørettleiar/fagarbeidar i fast 70% stilling med eit stort hjarte for barn og unge. Du vil vera ein viktig støttespelar for elevane og arbeida tett med lærarar for å sikre god elevvelferd og mestring.
Stillinga krev sjølvstende, struktur og evne til å handtere ei hektisk kvardag, samtidig som du bidrar til eit inkluderande og trygt skulemiljø for elevar med særskilte behov.
Stillingstittel Miljørettleiar/fagarbeidar fast stilling
Voss herad søkjer miljørettleiar/fagarbeidar i fast 70 % stilling med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skape livsmestring og medborgarskap i vossaskulen.
Voss herad søkjer miljørettleiar/fagarbeidar i fast 70 % stilling med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen videre, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skape livsmestring og medborgarskap i vossaskulen.
Palmafossen skule - Voss herad
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.
har eit stort engasjement for elevar med særskilte hjelpebehov. Du må kunne ta ansvar, vera strukturert og kunne handtere ein hektisk arbeidskvardag - og samtidig evne å snu deg rundt dersom det er behov for det. Å arbeida med elevar med særskilte behov kan vera både lærerikt men også krevjande - du blir ein viktig brikke i "laget rundt barnet". Sidan elevane kan ha både særskilte og store hjelpebehov, så er det difor avgjerande at du kan kommunisere godt, og er i stand til å etablere gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer. Du vil arbeide tett med andre tilsette rundt eleven, så vi ynskjer ein som kan bidra aktivt til å skape eit godt arbeidsmiljø. Sjølv om du kanskje både har utdanning og erfaring, så er det viktig at du også er interessert og nysgjerring på å læra og likar å vera i utvikling. Å arbeida med barn med store hjelpebehov handlar om å tilpassa skulekvardagen til kva som passar eleven, og som kan føre til gode skulekvardagar for eleven. Det kan vera dagar som ein opplever som lærerike og interessante - men det vil også vera krevjande dagar der det kan vera utagering og atferd. Vi ynskjer deg som står støtt, med eit varmt hjarte, i møte med heile mennesket.
Du inngår i eit team som arbeider kring einskildelevar som har si undervisning utenfor klasserommet, og du vil få timar der du er ei støtte på elever i ordinær klasse. Lærarar planlegg opplegget til elevane, og er dei som har planleggingstida for elevane. Du vil vera den som skal gjennomføra opplegg eller støtte elevar i undervisninga ut fra dette. Du vil vera ein del av eit team der dine innspel, forslag og tankar er avgjerande for at elevane skal få best mogleg undervisning, og der du er ein viktig brikke for at dette skal skje. Du vil arbeide med elever med ulike diagnosar og ulik behov for oppfylging. Dei tilsette ved skulen legg til rette for læring, kvardagslivstrening, og auka sjølvhjelpsferdigheiter hjå elevane, og gjev naudsynt stell og omsorg. På SFO planlegg miljørettleiarane og fagarbeidarane våre aktivitetar som fremjar leik og sosiale ferdigheiter. Bruk av dagsplanar og kommunikasjon ved hjelp av ulike kommunikasjonshjelpemiddel er sentrale både i undervisningstida og på SFO. Me samarbeider tett kring den einskilde eleven. Søkjaren må kunna arbeide med alle elevar og grupper med dei gleder og utfordringar det fører med seg. Søkjaren må rekna med arbeidstid kvar dag med arbeidstid i tidsperioden mellom kl.07.30 og 16.15.
Stillinga fyl kalenderåret. Dette betyr at ein er på jobb også i utvida sfo når skulen ellers er stengt.
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande