Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Gullfjordungen skule i Voss kommune søkjer to fagarbeidar/assistentar i 80 % vikariat frå 01.01.2027 til 31.07.2027. Stillinga omfattar både skule- og SFO-tiltak med ansvar for elevoppfølging og tilrettelegging av aktivitetar for elevar med behov for ekstra støtte.
Vi søkjer etter kreative og dyktige medarbeidarar med god relasjonskompetanse, gode samarbeidsferdigheiter, og evne til å arbeide strukturert og løysingsorientert. Godt humør vert verdsett.
Stillinga er fordelt mellom skule og SFO. I skuletida arbeider ein i heil klasse, der ein ofte vil ivareta elevar som treng oppfylning. I SFO-tida tilrettelegg ein for gode aktivitetar, og gjer arbeidsoppgåver som trengs for å drifte SFO. Stillinga innebefattar arbeid i utvida SFO. Det er i tidsromma haustferie, 1-2 dagar før jul, vinterferie, veker etter skuleslutt og før skulestart.
Gullfjordungen skule er ein barnskule for 1-7. klasse, med 153 born og 25 tilsette. Skulen ligg 2 km frå Vangen (sentrum), med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Skulebygningane består av to hus, hovudbygg frå 1977, og "gamleskulen" der SFO held til. SFO er fordelt i to lokale då det fleire born på SFO enn tidlegare år. Skulen har fokus på eit godt læringsmijlø, tverrfagleg tema og felles forståing av leseundervisninga.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova