Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Brønnøysundregistera trenger ein tydeleg og profesjonell gruppeleiar til Seksjonen registerdrift. Stillinga er eit midlertidig engasjement i to år, og personen vil leie og utvikle eit team i ein kontinuerleg utvikling. Lønsramme og dei operative måla blir tilpassa kvalifikasjonar og erfaring.
Du vil ha ansvar for dagleg drift, prioriteringar og ressursbruk, samt utforske ny teknologi som KI og digitalisering for å betre arbeidsprosessar og levere resultater i organisasjonen.
Seksjon registerdrift har ansvar for saksbehandling og kontroll og brukarrettleiing for dei 17 registera Brønnøysundregistera forvaltar. Seksjonen består av om lag 160 medarbeidarar.
Nå søker vi ein tydeleg, profesjonell og utviklingsorientert gruppeleiar som trivst med å leie menneske og skape resultat saman med andre. Vi ser etter deg som ønsker å bidra til at medarbeidarane opplever tillit, ansvar og handlingsrom, samtidig som du sikrar god struktur, tydelege prioriteringar og framdrift.
Registerdrift er i kontinuerleg utvikling. Derfor ønsker vi også ein leiar som er nysgjerrig på nye arbeidsformer og moglegheitene som ligg i kunstig intelligens og annan teknologi, og som blir motivert av å utvikle både medarbeidarar og måten vi løyser oppgåvene våre på.
Stillinga er eit midlertidig engasjement i to år.
Som gruppeleiar vil du blant anna:
Du må ha:
Det er ein fordel om du har:
Personleg dugleik vil bli tillagd vekt.
Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for jobb i Brønnøysund, kan vi formidle kontakt med dei.
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt.
Har du hol i CV-en, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
Vi satsar først og fremst på folk, og det har gjort oss til etaten med best omdømme i Noreg. Hos oss får du utvikle deg fagleg samtidigsom du har god balanse mellom jobb og fritid. Vi veit at dei beste løysingane blir skapte av menneske som trivst både på og utanfor jobb.
Bli med på laget som gjer det enklare å drive verksemd i Noreg, og som leverer dataa som held samfunnet i gang. Nåkan du bli ein av våre 470 kollegaer på Noregs vakraste arbeidsplass.