A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Karianne O. Warholm i Brønnøysund søker ein tydeleg gruppeleiar som kan leie og utvikle medarbeidarar. Stillinga er eit to års engasjement med fokus på god struktur, tydelege prioriteringar og framdrift.
Du skal også utforske moglegheitene med KI og ny teknologi for å betre arbeidsprosessar og løysingar. Lønn frå 725 000 til 850 000 kroner i året, fleksibel arbeidstid og eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr ei raus stipendordning og gode velferdsordningar som støtte til vidareutvikling og balanse
Seksjon registerdrift har ansvar for saksbehandling og kontroll og brukarrettleiing for dei 17 registera Brønnøysundregistera forvaltar. Seksjonen består av om lag 160 medarbeidarar.
Nå søker vi ein tydeleg, profesjonell og utviklingsorientert gruppeleiar som trivst med å leie menneske og skape resultat saman med andre. Vi ser etter deg som ønsker å bidra til at medarbeidarane opplever tillit, ansvar og handlingsrom, samtidig som du sikrar god struktur, tydelege prioriteringar og framdrift.
Registerdrift er i kontinuerleg utvikling. Derfor ønsker vi også ein leiar som er nysgjerrig på nye arbeidsformer og moglegheitene som ligg i kunstig intelligens og annan teknologi, og som blir motivert av å utvikle både medarbeidarar og måten vi løyser oppgåvene våre på.
Stillinga er eit midlertidig engasjement i to år.
Som gruppeleiar vil du blant anna:
Du må ha:
Det er ein fordel om du har:
Vi ser etter deg som:
Personleg dugleik vil bli tillagd vekt.
Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for jobb i Brønnøysund, kan vi formidle kontakt med dei.
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt.
Har du hol i CV-en, nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr - uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Har du studielån og bur i Brønnøy kommune kan du få nedskrive lånet kvart år til det er nedbetalt. Les meir om ny ordning for nedskriving av studielån på regjeringen.no
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål fra utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT .