Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Universitetet i Bergen søker ein mentorkoordinator i 30 % stilling knytt til Studieseksjonen ved SV-fakultetet. Stillinga skal planlegge og gjennomføre ei samordna mentorordning som støttar studentar gjennom første semesteret, starta ved velkomstveka og styrke det sosiale nettverket og læringsmiljøet.
Mentorkoordinatoren vil delta i rekruttering av ca. 55 mentorar, planlegge aktivitetar, og vere ansvarleg for gjennomføringa i velkomstveka og oppfølging gjennom haustsemesteret.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Studieseksjonen på Det samfunnsvitskapelege fakultet (SV) søker vi ein mentorkoordinator i 30 % stilling for planlegging og gjennomføring av ei samordna mentorordning på fakultetet. Mentorordninga skal ivareta studentane gjennom det første semesteret og startar med aktivitetar i velkomstveka ved semesterstart. Ordninga er viktig for å gje dei nye studentane eit sosialt nettverk for tryggleik og tilhøyrsle samtidig som den er med på å sikre eit godt læringsmiljø frå første dag.
Mentorkoordinatoren vil delta i rekrutteringa av rundt 55 mentorar, og planlegge og koordinere mentoraktivitetar gjennom det første semesteretDette blir gjort i samarbeid med institutta og fakultetets mentoransvarlege. Mentorkoordinatoren vil så ha ansvaret for gjennomføringa av mentortilbudet i velkomstveka (uke 33) og oppfølginga av mentorane i haustsemesteret. Koordinatoren vil også ta del i evaluering og utvikling av mentorordninga. Mentorkoordinatorstillinga er ei fast stilling og er del av Studieseksjonen ved Det samfunnsvitskapelege fakultet.
Vi søkjer ein medarbeidar som er initiativrik, systematisk og løysingsorientert, og som har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Arbeidsmengda varierer gjennom året, og stillinga krev at du kan vere fleksibel og prioritere godt i travle periodar.
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt. Masterstudentar oppmodast til å søkje
Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med seksjonssjef i studieseksjonen Hilde Marie Rognås, hilde.rognas@uib.no , tlf. 55 58 90 05, eller seniorrådgjevar Helene Unneland, helene.unneland@uib.no, 55 58 91 09.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.