UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
Fakultetet skal ytterlegare styrke sin posisjon som eit rettsvitskapleg kunnskapssentrum. Forskarane og fagmiljøa bidreg til utvikling av den rettsvitskaplege forskingsfronten samtidig som vi utdannar juristar som kan ta rettssamfunnet vidare. Fakultetet er ein effektiv og framtidsretta organisasjon der den enkelte tilsette bidreg til utvikling og har fagleg fridom.
Arbeidsstaden er Bergen. Fakultetet har ein levande campus i byen. Vi arbeider best saman med tilsette og studentar fysisk til stades.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
- Forsking i rettsvitskap. Fakultetet sin strategi byggjer på dei sterke forskingsmiljøa vi har utvikla. Vi skal styrke forskinga på grunnleggjande utfordringar i rettssystemet og tidsaktuelle problemstillingar. Forskinga skal vere orientert mot den internasjonale forskingsfronten, skje over tradisjonelle disiplingrenser i rettsvitskapen og i dialog med andre vitskapsdisiplinar.
- Bidra med undervisning iLLM-program og etter- og vidareutdanning.
- Bidra til vidareutvikling av studieprogramma og forskingsmiljøa ved fakultetet, delta aktivt i forskingsmiljøa og verke med til utvikling av søknader om ekstern forskingsfinansiering.
- Normaltvilnærare50%avarbeidstidaveresettavtilforskingogforskingsrelatertverksemd,ognærare50%avarbeidstidatilundervisningog undervisningsrelatert verksemd (m.a. rettleiing og eksamen) inkl. administrativverksemd.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Ha norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning og norsk doktorgrad i rettsvitskap eller tilsvarande rettsvitskapleg kompetanse.
- Ha minst eitt fagfellevurdert publisert arbeid som gjev ein djuptgåande analyse av spørsmål av betydning for norsk rett med utgangspunkt i nasjonale, folkerettslege eller andre internasjonale rettskjelder.
- Ha brei undervisningskompetanse i dei emna som er obligatoriske på masterprogramma og du må kunne undervise på norsk eller eit skandinavisk språk ved tilsetjing. Søkarar som ikkje dokumenterer norsk på minst nivå B2 vert ikkje tekne i betraktning.
- Ha utdanningsfagleg kompetanse, det vil seie pedagogisk eller didaktisk kompetanse til å fremje læring, mellom anna kunnskap og ferdigheiter i utvikling og gjennomføring av undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. For meir informasjon, sjå " Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB ". Dersom du ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innen to år.
- Ha gode samarbeidseigenskapar og vise evne og motivasjon til å bidra til oppbygginga av eit godt fagmiljø innanfor den etablerte strukturen for senter og forskargrupper ved fakultetet.
Det er ein fordel om du:
- Kan dokumentere gode pedagogiske kvalifikasjonar, til dømes om du har erfaring med problembasert læring.
- Har erfaring som forskingsprosjektleiar.
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Stilling som førsteamanuensis(kode 1011) med årsløn kr 850 000 - 960 000 i det statlege lønsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Eit motivasjonsbrev der du gjere greie for måla dine for forskingsaktiviteten og korleis du kan bidra til utvikling av undervising og forsking i rettsvitskap ved fakultetet.
- Namn og kontaktopplysningar til minst to referansar som kan stadfeste korleis du er som undervisar.
- Ei utdanningsfagleg mappe som dokumenterer din utdanningsfaglege kompetanse. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
- Ei liste over dei vitskapelege arbeida du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde(maks 10).
- Dei vitskaplege arbeida som skal vurderast (maks 10).
- Ei kort framstilling av den vitskaplege produksjonen, der du peikar på dei arbeida som er mest sentrale for vurderinga av søknaden og kort skildrar breidda i forskingsverksemda.
- Ei utgreiing om kva emne på masterprogramma og eventuelt ph.d.-programmet du kan undervise og rettleie innanfor.
Utfyllende opplysninger om stillinga kan du få ved å vende deg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysninger om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.