Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Universitetet i Bergen søker ein programutvalsleiar for profesjonsstudiet i medisin ved Det medisinske fakultet. Stillinga inneber leing av studieprogrammet og tett samarbeid med campus og helseføretak.
Kvalifikasjonane inkluderer medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon, samt norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Pedagogisk kompetanse er krav, og tilsetjinga føreset organisasjonsforståing og leiarerfaring.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ein fast stilling som (100 %) som programutvalsleiar for profesjonsstudiet i medisin (professor eller førsteamanuensis). For søkjarar med anna relevant klinisk stilling kan redusert stillingsprosent vurderast etter nærare avtale.
Arbeidsstad for stillinga er Bergen.
Profesjonsstudiet i medisin ved Universitetet i Bergen er frå 2025 ein fleircampusmodell på seks år, der alle studentar er i Bergen dei første tre studieåra og tek dei tre siste studieåra anten ved campus Bergen, campus Stavanger, campus Førde (frå hausten 2028) eller
campus Haugesund (frå hausten 2029). Gjennom prosjektet Vestlandslegen og auken i talet på studieplassar dei siste åra er medisinstudiet ved UiB inne i ei omfattande utvikling. Programutvalsleiaren vil ha eit særskilt ansvar for regionaliseringa av studiet. Dette vil krevje god organisasjonsforståing og evne til å koordinere og videreutvikle eit komplekst studieprogram, sikre god samhandling mellom fagmiljø og campusar og leggje til rette for eit tett samarbeid med helseføretak og kommunar.
Profesjonsstudiet i medisin ved UiB skal vere kjenneteikna av forskingsbaserte, studentaktiviserande læringsformer og eit inkluderande læringsmiljø som fremjar meistring og læring. Programutvalsleiaren skal ha ei sentral rolle i å vidareutvikle undervisninga og leggje til
rette for at nye lærings- og vurderingsformer blir tekne i bruk. Vi utdannar legar med solid fagleg kompetanse og tryggleik til å utøve profesjonelt skjønn og bidra til utviklinga av helsetenestene.
Tilsetjingsforholdet til stillinga vil tilhøyre det institutt der søkjar sitt fagområde (spesialitet) høyrer heime. Programutvalsleiar skal også samarbeide tett med Eining for læring.
Arbeidsleiinga for stillinga ligg hos visedekan for utdanning. Stillinga har utdanningsleiing som hovudoppgåve, med særleg vekt på fagleg og pedagogisk utvikling av medisinstudiet.
Programutvalsleiaren sine viktigaste arbeidsoppgåver:
Andre relevante arbeidsoppgåver kan verte lagt til stillinga.
Den som vert tilsett, skal drive forsking innanfor den ordinære fordelinga av arbeidstid for vitskapleg tilsette. Undervisningstida vil i stor grad bli oppfylt gjennom arbeidet som studieprogramleiar. Ved kapasitet vil studieprogramleder kunne bidra i anna undervisning,
til dømes kurs avholdt av Enhet for læring, i samråd med arbeidsleiar.
Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt særleg vekt på:
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli tillagde stor vekt.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte visedekan for utdanning Reidun Kjome på tlf 55 58 6118 eller e-post: reidun.kjome@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.