Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) / BUP Åsane og BUP Øyane ved Helse Bergen HF søker medisinstudent med lisens til engasjement i avdelingane. Arbeidet inneheld legeundersøkingar, medisinoppstart og samtalar med pasient og føresette.
Tilsetjinga krev norsk autorisasjon og tilfredsstillande politiattest. Vi tilbyr lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst, gode pensjons- og forsikringsordningar og eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med rettleiing frå overlege.
Ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge - BUP Åsane og ved BUP Øyane er det ledig engasjement som medisinstudent m/lisens.
BUP Åsane / BUP Øyane er ein del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU); ein klinikk som tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har mellom anna sju allmenne poliklinikkar, ein spesialisert poliklinikk, tre sengepostar, og ambulante tenester. Nokre tilbod er organisert i tyngdepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane.
BUP Åsane held til sentralt i Åsane, BUP Øyane held til på Sotra v / Sartor senter, begge gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. .
Vi har stort fokus på korleis vi samhandlar internt og eksternt for å gi best mogleg tenester til våre pasientar.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.