Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
Liljevatnet barnehage i Øygarden kommune søkjer ein engasjert barnehagelærar til mellombels 70–100 % stilling. Snarleg tiltreding, med varigheit til 14.08.2027, og moglegheit for forlenging. Barnehagen ligg i Vestland og legg vekt på natur, leik og læring.
Du vil arbeide i ein kommunal barnehage med fire avdelingar, eit sterkt fagmiljø og tett samarbeid med spesialpedagogiske ressursar og andre fagpersonar. Dette er ein god anledning til å bidra til eit inkluderande og utviklande barnehagemiljø.
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Liljevatnet barnehage søkjer ein engasjert og relasjonssterk barnehagelærar til mellombels 70%- 100 % stilling. Snarleg tiltreding, med varigheit til 14.08.2027, og moglegheit for forlenging.
Hos oss får du arbeide i ein barnehage der naturen er ein viktig del av kvardagen, der leik og utforsking står sentralt, og der vi meiner at dei beste resultata kjem når vi samarbeider og løftar kvarandre fram.
No ønskjer vi ein ny lagspelar som vil vere med å gje barna gode opplevingar, meistringskjensle og ein trygg og utviklande barnehagekvardag.
Liljevatnet barnehage er ein kommunal barnehage med fire avdelingar og om 70 barn. Vi har eit sterkt fagmiljø med rundt 18 faste tilsette og eit tett samarbeid med spesialpedagogiske ressursar, og andre fagpersonar.
Vi ønskjer oss ein barnehagelærar som ser moglegheiter, byggjer gode relasjonar og som likar å arbeide saman med andre for å skape gode dagar for barna.

Visjonen vår er: "Vi set varige spor."
No ønskjer vi ein ny lagspelar som vil vere med å gje barna gode opplevingar, meistringskjensle og ein trygg og utviklande barnehagekvardag.
Liljevatnet barnehage er ein kommunal barnehage med fire avdelingar og om 70 barn. Vi har eit sterkt fagmiljø med rundt 18 faste tilsette og eit tett samarbeid med spesialpedagogiske ressursar, og andre fagpersonar.
Barnehagen har et stort og variert naturområde tilhørende barnehagen. Barna får oppleve:
Vi er opptekne av å utvikle framtidas barnehage og arbeider aktivt med Øygarden kommune sine satsingsområde innen:
Vi ønskjer oss ein barnehagelærar som ser moglegheiter, byggjer gode relasjonar og som likar å arbeide saman med andre for å skape gode dagar for barna.
Du må ha:
Det er ein fordel om du har:
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi ser etter deg som:
Kontaktinformasjon Katja Morvik, konstituert styrar
E-post: katja.morvik@oygarden.kommune.no
Mobil: 90560466
Velkomen som søkjar!
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.