A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Liljevatnet barnehage søker ein engasjert barnehagelærar til mellombels 70%–100% stilling, snarlig tiltreding og varigheit til 14.08.2027. Barnehagen ligg i Øygarden kommune og har eit stort naturområde med leik, utforsking og fellesskap som kjerneverdiar.
Vi søkjer ein relasjonssterk lagspelar som bidreg til eit trygt og utvecklingsorientert miljø, med fokus på språk, inkludering og samarbeid med foreldre og kollegaer. Godkjent utdanning og gode norskkunnskapar vert vektlagt.
Liljevatnet barnehage søkjer ein engasjert og relasjonssterk barnehagelærar til mellombels 70%- 100 % stilling. Snarleg tiltreding, med varigheit til 14.08.2027, og moglegheit for forlenging.
Hos oss får du arbeide i ein barnehage der naturen er ein viktig del av kvardagen, der leik og utforsking står sentralt, og der vi meiner at dei beste resultata kjem når vi samarbeider og løftar kvarandre fram.
"Vi set varige spor."
No ønskjer vi ein ny lagspelar som vil vere med å gje barna gode opplevingar, meistringskjensle og ein trygg og utviklande barnehagekvardag.
Liljevatnet barnehage er ein kommunal barnehage med fire avdelingar og om 70 barn. Vi har eit sterkt fagmiljø med rundt 18 faste tilsette og eit tett samarbeid med spesialpedagogiske ressursar, og andre fagpersonar.
Barnehagen har et stort og variert naturområde tilhørende barnehagen. Barna får oppleve:
Vi er opptekne av å utvikle framtidas barnehage og arbeider aktivt med Øygarden kommune sine satsingsområde innen:
Vi ønskjer oss ein barnehagelærar som ser moglegheiter, byggjer gode relasjonar og som likar å arbeide saman med andre for å skape gode dagar for barna.
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi ser etter deg som:
E-post: katja.morvik@oygarden.kommune.no
Mobil: 90560466
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.