A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
SpareBank 1 Sogn og Fjordane søkjer ein kunderådgjevar digital som skal dyrke gode kundeopplevingar og byggje relasjonar via digitale møteplassar. Du blir hovudkontakt for kundar via telefon og skjerm, og skal gi skreddarsydde råd til livssituasjonar og behov.
Du utviklar di eiga portefølje, veksling mot nye kundar og byggjer tillit som gir målbare resultat. Banken tilbyr eit trygt arbeidsmiljø, vidareutvikling, og medeigarskap ved fast tilsettstad.
Bygg gode relasjonar med kundar digitalt
Vi ser etter ein kunderådgjevar som vil skape gode kundeopplevingar og bygge relasjonar digitalt. Du får ansvar for kundar som møter oss på telefon og skjerm, og skal gi gode råd tilpassa behova deira.
Vi ser etter deg som skapar relasjonar, utviklar di eiga kundeportefølje og får resultat. Du blir motivert av å vinne nye kundar, bygge tillit over tid og sjå at eigen innsats gir konkrete resultat.
I SpareBank 1 Sogn og Fjordane kombinerer vi sterke røter som lokal sparebank med digitale løysingar som gjer det enkelt for kundane å bruke oss, uavhengig av kvar dei bur.
Som Kunderådgjevar Digital blir du ein viktig kontaktperson for kundane dine. Du gir råd gjennom ulike fasar i livet og bygger relasjonar som varer, sjølv om møta skjer digitalt.
Du er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god til å sjå behov og finne dei rette løysingane for kundane. Du har solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i møtet med kundane.
Samtidig trivst du med å ta initiativ, få kontakt med nye kundar og bygge gode relasjonar. Du likar å skape nye moglegheiter og jobbar målretta for å få resultat.
Det er ein fordel at du har erfaring frå bank, finans, forsikring eller anna relevant rådgjeving. Høgare utdanning og autorisasjon som finansiell rådgjevar er ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har motivasjon til å lære og utvikle deg videre.
Vi er eit spennande finanshus med breitt fagmiljø og ein offensiv strategi. Hos oss kan du utvikle deg, og kjem du med gode initiativ er det kort veg til å sette desse i verks.
Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken.
Banksjef Brage Bøyum svarar gjerne på spørsmåla dine om du lurer på noko.
Søknadsfrist: 25.november
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til dette.
Søkjarar som får tilbod om stillinga, må leggje fram vandelsattest.