Kontraktsansvarleg drift OPS

Statens vegvesen

Harstad

On-site

NOK 780,000 - 1,100,000

Full time

6 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Statens vegvesen i Norge søkjer ein erfaren prosjektleder for OPS-kontrakten i driftsfasen. Rolla fokuserer på tilgjengelegheit og kvalitet til trafikantar langs strekninga, med ansvar for oppfølging av totalleveransane.

Du samarbeider tett med OPS-selskap og fagmiljø i Vegvesen, handterer endringar og budsjetter, og har gjerne erfaring frå offentleg eller privat sektor. Arbeidsspråket er norsk, og det kan vere aktuelt med sikkerheitsklarering.

Qualifications

  • Minimum bachelor-/høgskulenivå i ingeniørfag, rettsvitskap eller nært fagområde.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Førerkort klasse B.
  • Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.

Responsibilities

  • Samhandle med OPS-selskap og relevante fagmiljø i Statens vegvesen.
  • Følgje opp kontrakten og leveransar knytte til tilgjengelegheita og kvaliteten på vegen.
  • Følgje opp og vareta byggherreansvaret.
  • Håndtere endringar og tilleggsbestillingar i kontrakten.
  • Budsjettarbeid og økonomioppfølging saman med seksjonsleiar.
  • Følgje opp og handtere saker knytte til andre interessentar langs strekninga.

Skills

God skriftleg framstillingsevne (norsk
God munnleg framstillingsevne (norsk)
Førerkort klasse B

Education

Bachelor-/høgskulenivå i ingeniørfag eller rettsvitskap

Job description

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.

Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.

Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.

Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for løpande heilårleg drift av riksvegane, inkludert ferje. Vi er ein digital, kompetent og profesjonell vegeigar som tek vare på og utviklar riksvegane.

Drift og vedlikehald har rundt 900 medarbeidarar over heile landet, og ei årleg omsetning på om lag 17 milliardar kroner. Les meir om divisjon Drift og vedlikehald her

Om stillinga

Ønskjer du å arbeide i teamet vårt på eit av dei største vegprosjekta i Nord-Noreg – med fokus på tilgjengelegheita til vegen, kvalitet og eit godt samarbeid?

Arbeidsoppgåver

I denne rolla vil du få ansvar for oppfølging av totalleveransane i OPS-kontrakten i driftsfasen. Oppgåva vår er å sikre tilgjengelegheit og kvalitet til trafikantar og andre brukarar av strekninga. Ettersom OPS selskapet har eit totalansvar for finansiering, prosjektering, bygging og dessutan drift og vedlikehald er oppfølginga vår over eit breitt og variert felt med mange spennande oppgåver.

Du kjem til å gjere følgjande:

  • Samhandle med OPS‑selskap, og relevante fagmiljø i Statens vegvesen
  • Følgje opp kontrakten og leveransar knytte til tilgjengelegheita og kvaliteten på vegen
  • Følgje opp og vareta byggherreansvaret
  • Håndtere endringar og tilleggsbestillingar i kontrakten
  • Budsjettarbeid og økonomioppfølging saman med seksjonsleiar
  • Følgje opp og handtere saker knytte til andre interessentar langs strekninga
Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:
  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
  • Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • Fullført ei relevant utdanning på minimum bachelor-/høgskulenivå innan ingeniørfag, rettsvitskap eller nærståande fagområde
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Førerkort klasse B

Omfattende og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.

Det er i tillegg ønskjeleg at du har:
  • Erfaring med prosjektleiing og/eller kontraktsoppfølging
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid i offentleg eller privat sektor

Arbeidsspråket er norsk, men vi ønskjer evne til å kunne bruke engelsk i arbeidssamanheng ved behov.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir

Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.

Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeidsevner og god evne til å byggje tillit i møte med ulike aktørar
  • Kommuniserer tydeleg og oppteken av å tilpasse bodskapen til mottakar
  • Jobbar strukturert og målretta
  • Tek ansvar og bidreg til framdrift og resultat
  • Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar for stillinga

Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Stillingen forutsetter at du kan autoriseres for BEGRENSET etter sikkerhetslovens bestemmelser før ansettelse.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Kontraktsansvarleg drift OPS
Kontraktsansvarleg drift OPS

Statens vegvesen - Norwegian Public Roads Administration • Harstad

On-site
NOK 700,000 - 950,000
Fleksitid og avspasering
God pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstida
+1
Kontraktsansvarleg drift OPS
Kontraktsansvarleg drift OPS

Olav Sigurd Sveen • Harstad

On-site
NOK 900,000 - 1,150,000
Miljørådgiver
Miljørådgiver

Tore Bjørkøyli • Tromsø

On-site
NOK 650,000 - 820,000
Fleksitid
Pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstiden
+2
Kontraktsansvarleg drift OPS
Kontraktsansvarleg drift OPS

Samferdselinfra • Harstad

Remote
NOK 650,000 - 900,000
Fleksitid og avspasering
God pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstida
Automasjonsingeniør
Automasjonsingeniør

Stine J. Christensen • Molde

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Fleksitid
Avspasering
Pensjonsordning
+3
Automasjonsingeniør
Automasjonsingeniør

Statens vegvesen • Ålesund

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Fleksitid
Pensjonsordning
Lån
+3
Avdelingsdirektør Førerett og helse
Avdelingsdirektør Førerett og helse

Statens vegvesen - Norwegian Public Roads Administration • Arendal

On-site
NOK 1,000,000 - 1,800,000
Fleksitid og avspasering
Pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstiden
+1
Automasjonsingeniør
Automasjonsingeniør

Statens vegvesen • Ørsta

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Avdelingsdirektør Førerett og helse
Avdelingsdirektør Førerett og helse

Bodil Rønning Dreyer • Arendal

On-site
NOK 1,000,000 - 1,400,000
Fleksitid og avspasering
God pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstiden
+1
Vi søker 100 sommerstudenter fra nord til sør!
Vi søker 100 sommerstudenter fra nord til sør!

Statens vegvesen - Norwegian Public Roads Administration • Trondheim

On-site
NOK 480,000 - 575,000
Top locations