Avdelingsleiar

Arbeidsplassen

Knarvik

On-site

NOK 900,000 - 1,100,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant
Application generator

An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Spennande pedagogisk leiarstilling
Gode offentlege løns- pensjons- og føs
Leiarutviklingsprogram
Vidareutdanning innan leiing

Job summary

Vestland fylkeskommune søkjer avdelingsleiar ved Knarvik vidaregåande skule. Du blir del av leiarlaget og får ansvar for studiespesialiserande utdanningsprogram med om lag 20 tilsette.

Du vil vere sentral i utviklinga av skulen, vere synleg leiar, bidra til eit trygt og godt skulemiljø og samarbeide tett med andre avdelingsleiarar. Stillinga gir moglegheiter for vidareutdanning og leiing.

Qualifications

  • Krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • Ønskjeleg med relevant leiarutdanning og leiarerfaring
  • Ønskjeleg med utdanning i fag som avdelinga tilbyr
  • God kunnskap om vidaregåande opplæring
  • Kjennskap til administrative program som Visma in school, Visma enterprise, Elements, itslearning er ein fordel

Responsibilities

  • Leiaroppgåver innan personalleiing, pedagogisk utvikling, økonomi og administrasjon.
  • Set elevane si læring og utvikling i sentrum og følgjer opp læringsmiljø og læringsutbyte fagleg og sosialt.
  • Samarbeid med andre avdelingsleiarar og vere med i leiargruppa.
  • Alle avdelingsleiarar har eit felles ansvar for skulen sitt arbeid med trygt og godt skulemiljø.

Skills

Ledarerfaring
Pedagogisk kompetanse
Organisering og administrasjon

Education

Relevant leiarutdanning
Fagleg/pedagogisk kompetanse

Tools

Visma in school
Visma enterprise
Elements
itslearning

Job description

Knarvik videregåande skule har ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar. Du blir del av skulen si leiargruppe med rektor, ass. rektor, og 7 andre avdelingsleiarar, og får ansvar for studiespesialiserande utdanningsprogram med tilsaman omlag 20 tilsette. Ansvarsområde for stillinga kan bli endra.

Du får ei viktig rolle i utviklinga av skulen, i lag med resten av leiargruppa. Vår visjon er læring og vekst for alle. Utviklingsplanen vår har tre hovudområde dette skuleåret; vurdering integrert i opplæringa, trygt og godt skulemiljø og kunstig intelligens.

Skulen har 870 elevar, 170 tilsette og ligg 25 min frå Bergen sentrum med hurtigbåt, og er lett tilgjengeleg med direkte ekspressbussar.

Vi har mange ulike utdanningsprogram innanfor både yrkesfag, studiespesialisering, yrkesfagleg studiekompetanse (TAF/YSK) og tilrettelagt opplæring.

Arbeidsoppgåver
  • Som avdelingsleiar er du ein del av leiargruppa til skulen og har leiaroppgåver innenfor personalleiing, pedagogisk utvikling, økonomi og administrasjon. Du set elevane si læring og utvikling i sentrum og følgjer opp elevane sitt læringsmiljø og læringsutbyte fagleg og sosialt.
  • Du har personalansvar for dei tilsette i avdelinga, med ansvar for vikarhandtering. Du vil saman med andre avdelingsleiarar få overordna ansvar for skuleårsplanlegging, timeplanarbeid og drift av InSchool. Du vil jobba med pedagogisk og fagleg utvikling og ha tett samarbeid med dei andre avdelingsleiarane.
  • Alle avdelingsleiarar har eit felles ansvar for skulen sitt arbeid med trygt og godt skulemiljø.
Kvalifikasjonar
  • Krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • Ønskjeleg med relevant leiarutdanning og leiarerfaring
  • Ønskjeleg med utdanning i fag som avdelinga tilbyr
  • God kunnskap om vidaregåande opplæring
  • Kjennskap til administrative program som Visma in school, Visma enterprise, Elements, itslearning er ein fordel.
Personlege eigenskapar
  • Du likar å jobbe med ungdom!
  • Du er ein synleg leiar som involverer, skaper engasjement og tillit
  • Du er strukturert, utviklingsorientert og sjølvstendig og har stor gjennomføringskraft
  • Du lyttar til medarbeidarane dine og er god på skriftleg og munnleg kommunikasjon
  • Du er ein samlande leiar som skaper oppslutning
  • Du er god på å samarbeide
  • Du er god til å byggje relasjoner
  • Å vere personleg eigna er viktig i den utlyste stillinga, og vil bli vektlagd
Vi tilbyr
  • Ein spennande pedagogisk leiarstilling på ein stor og utviklingsorientert skule
  • Eit godt arbeids- og fagmiljø med god samarbeidskultur og engasjerte kollegaer
  • Ein skule med ambisjonar på vegner av elevane
  • Gode offentlege løns- pensjons- og forsikringsvilkår
  • Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule
  • Leiarutviklingsprogram i regi av VLFK
  • Moglegheiter for vidareutdanning innan leiing (rektorutdanning)
Kontaktinformasjon
  • Ulrik Schütz,Rektor ,90604879
  • Hilde Fiske Hugaas,Ass. rektor,92048899
Arbeidsstad
  • Juvikstølen 9
  • 5916Knarvik
Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Referansenr.: 5177365078
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 22.09.2026

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Avdelingsleiar
Avdelingsleiar

Hilde Fiske Hugaas • Knarvik

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Leiarutviklingsprogram i regi av VLFK
Vidareutdanning innan leiing
Avdelingsleiar
Avdelingsleiar

Odda • Knarvik

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Tilkallingsvikariat som miljøarbeidar/fagarbeidar/miljørettleiar i tilrettelagde grupper hjå Os vgs
Tilkallingsvikariat som miljøarbeidar/fagarbeidar/miljørettleiar i tilrettelagde grupper hjå Os vgs

Arbeidsplassen • Ulven

On-site
NOK 300,000 - 420,000
Aktivt profesjonsfellesskap
Nært samarbeid med kollegaer
Delingskultur og positiv innstilling
+2
Tilkallingsvikariat som miljøarbeidar/fagarbeidar/miljørettleiar i tilrettelagde grupper hjå Os vgs
Tilkallingsvikariat som miljøarbeidar/fagarbeidar/miljørettleiar i tilrettelagde grupper hjå Os vgs

Lars Arne Nilssen • Ulven

On-site
NOK 260,000 - 380,000
Yrkesfaglærar, Teknologi og Industrifag
Yrkesfaglærar, Teknologi og Industrifag

Odda • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Pensjonsordning
Forsikringsordninger
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Avdelingsleiar
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Avdelingsleiar

Innlandet fylkeskommune • Hamar

On-site
NOK 800,000 - 1,100,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Avdelingsleiar
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Avdelingsleiar

Innlandet fylke • Norway

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Tilkallingsvikarar fellesfag og programfag - skoleåret 2026/2027
Tilkallingsvikarar fellesfag og programfag - skoleåret 2026/2027

Roger Fylling • Holen

On-site
NOK 500,000 - 650,000
Veiledning for nytilsatt pedagogisk personale
God tilgang til faglige nettverk
Offentlig pensjonsordning
+1
Rektor
Rektor

Arbeidsplassen • Larvik

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
Tilkallingsvikarar fellesfag og programfag - skoleåret 2026/2027
Tilkallingsvikarar fellesfag og programfag - skoleåret 2026/2027

Arbeidsplassen • Holen

On-site
NOK 500,000 - 700,000
God tilgang til faglige nettverk
Offentlig pensjonsordning
Lønns- og arbeidsvilkår i henhold til avtaler