Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Vestland fylkeskommune i indre regionen, Voss, søkjer rådgjevar for vaksenopplæring og oppfølging av lærlingar. Stillinga er ei 100% mellombels vikariat frå 01.10.2026 til 30.09.2028 med kontorplass på Voss.
Primæroppgåva er å legge til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring, i tett lag med skular, lærebedrifter og andre instansar. Du vil bidra til høg fagleg kvalitet og vere ein del av eit tverrfagleg team.
Vår rådgjevar for vidaregåande opplæring for vaksne og opplæring i bedrift skal vere i ei prosjektstilling dei neste to åra. Vi har derfor ledig eit 100% vikariat som rådgjevar med kontorplass på Voss i perioden 01.10.2026 – 30.09.2028. Det er ei mellombels stilling, med moglegheit for fast stilling.
Rettleiingstenesta er ei brukarnær teneste i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, lærebedrifter, samarbeidsorgan, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar.Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar, lærlingar og lærekandidatar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar/lærekandidatar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk- psykologiske tenester. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift (OIB) og vidaregåande opplæring for vaksne (VO). Rettleiingstenesta Vestland indre har to kontor, i Sogndal og på Voss.
Rettleiingstenesta Vestland indre (Voss) har ledig 100 % stilling som rådgjevar med hovudansvar for vaksenopplæring og oppfølging av lærlingar. Du vil også kunne få ansvar i oppfølgingstenesta.
Bidra til at rettleiingstenesta leverer tenester med høg fagleg kvalitet til vaksne og lærlingar ved å:
Vi søkjer deg som har:
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt.Det er krav om politiattest før tilsetjing.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.