Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
NAV Sogndal i Sogn og Fjordane søker ein jobbspesialist i tiltaket Arbeid med støtte. Stillinga inngår i eit regionalt team og omfattar kommunane Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Sogndal. Tilsette frå 01.01.2027.
Arbeidsoppgåver: tett oppfølging av arbeidssøkarar og nært samarbeid med arbeidsgjevarar for å finne rette arbeidsplassar. 40 prosent av arbeidstida går utanfor kontoret, og ein har ansvar for ei gruppe på 20 søkjarar.
Er du nysgjerrig, løysingsorientert og trivst med å jobbe tett på både menneske og arbeidsmarknaden? Då kan du vere vår nye jobbspesialist.
Nav Sogndal er regionkontor for Nav region Sogn og vi held til i moderne lokale på Leikanger. I Nav Sogndal er vi om lag 40 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som jobbar kvar dag for å gi heilskaplege tenester for innbyggarane i kommunen og i region Sogn. Hjå oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø, og moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.
Vi har no ledig ei 100% fast stilling som jobbspesialist i tiltaket Arbeid med støtte.
Stillinga inngår i eit regionalt team med arbeidsoppgåver for heile region Sogn og omfattar kommunane: Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Sogndal. Stillinga er ledig frå 01. januar 2027 og arbeidsstad er NAV Sogndal.
Å vere jobbspesialist inneber tett og individuelt tilpassa oppfølging av arbeidssøkarar, og nær kontakt med arbeidsgjevarar, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartar. Du har tru på at alle kan arbeida eller ta utdanning dersom dei får rett støtte. Supported Employment (SE) er ein strukturert arbeidsmetodikk med klare krav, samtidig som den gir rom for varierte arbeidsdagar for å nå dei fastsette måla. Hovudmålet til Nav er å bidra til arbeidsinkludering og sysselsetjing.
Det er forventa at 40 prosent av arbeidstida går føre seg utenfor kontoret, saman med arbeidssøkarar og/eller arbeidsgjevarar. Som jobbspesialist får du ansvar for ei gruppe på 20 arbeidssøkarar som treng støtte til å kome ut i arbeid, ofte gjennom utdanning og kompetanseheving.
Du må ha
Det er ein fordel om du har
Nav består av 22 000kompetenteogengasjertemedarbeidarar.Vi jobbartverrfaglegi sterke fagmiljø.Hos oss skalarbeidsmiljøet pregastavinvolvering,openheitogtillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer duåbli unntatt fraoffentleg søkjarliste, må dugrunngjedette.Delgjerne vitnemålet dittellerkarakterutskrift dine påvitnemålsportalen.no.