Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
NAV Sogndal søkjer ein 100% fast jobbspesialist i tiltaket Arbeid med støtte. Du får ansvaret for å følgje opp arbeidssøkarar gjennom tett individuell oppfølging og tett kontakt med arbeidsgjevarar, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartnarar.
Du skal byggje relasjonar, dokumentere aktivitet og resultater, og bidra til at fleire kjem i arbeid eller utdanning. Arbeidet skjer hovudsakleg utanfor kontoret, med varierte arbeidsdagen og mogelegheit for fagleg og personleg utvikling i eit
Arbeidsgiver: Nav
Er du nysgjerrig, løysingsorientert og trivst med å jobbe tett på både menneske og arbeidsmarknaden? Då kan du vere vår nye jobbspesialist.
Nav Sogndal er regionkontor for Nav region Sogn og vi held til i moderne lokale på Leikanger. I Nav Sogndal er vi om lag 40 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som jobbar kvar dag for å gi heilskaplege tenester for innbyggarane i kommunen og i region Sogn. Hjå oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø, og moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.
Vi har no ledig ei 100% fast stilling som jobbspesialist i tiltaket Arbeid med støtte.
Stillinga inngår i eit regionalt team med arbeidsoppgåver for heile region Sogn og omfattar kommunane: Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Sogndal. Stillinga er ledig frå 01. januar 2027 og arbeidsstad er NAV Sogndal.
Å vere jobbspesialist inneber tett og individuelt tilpassa oppfølging av arbeidssøkarar, og nær kontakt med arbeidsgjevarar, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartar. Du har tru på at alle kan arbeida eller ta utdanning dersom dei får rett støtte. Supported Employment (SE) er ein strukturert arbeidsmetodikk med klare krav, samtidig som den gir rom for varierte arbeidsdagar for å nå dei fastsette måla. Hovudmålet til Nav er å bidra til arbeidsinkludering og sysselsetjing.
Det er forventa at 40 prosent av arbeidstida går før seg utenfor kontoret, saman med arbeidssøkarar og/eller arbeidsgjevarar. Som jobbspesialist får du ansvar for ei gruppe på 20 arbeidssøkarar som treng støtte til å kome ut i arbeid, ofte gjennom utdanning og kompetanseheving.
Du må ha
Det er ein fordel om du har
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5204195193
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026