Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Nav Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar i avdeling Arbeid og helse i 100 % mellombelsStillling frå 01.01.2027 til 31.08.2027. Oppmøtestad er Sandane, og arbeidet omfattar oppfølging av ungdom under 30 år samt personar over 30 år med helseutfordringar.
Du blir ein del av eit fagmiljø som arbeider for å hjelpe fleire inn i arbeid og aktivitet, med fokus på motivasjon, relasjonsbygging og strukturert oppfølging i eit inkluderande miljø.
Vil du vere med og gjere ein forskjell?
Er du opptatt av å sjå moglegheiter framfor avgrensingar, og ønskjer å hjelpe menneske videre mot arbeid og aktivitet? Då kan dette vere stillinga for deg.
Nav Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar i avdeling Arbeid og helse i 100 % mellombels stilling frå 01.01.2027 og fram til 31.08.2027. Oppmøtestad er Sandane.
Dette er ei spennande og variert stilling med to hovudområde:
50 % oppfølging av ungdom under 30 år som del av ungdomsgarantien, uavhengig av kva yting dei mottek.
50 % oppfølging av personar over 30 år med helseutfordringar, særleg innan sjukefråværsoppfølging og arbeidsavklaringspengar (AAP).
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du jobbar tett på menneske i ulike livssituasjonar. Du blir ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø som kvar dag arbeider for å hjelpe fleire inn i arbeid og aktivitet.
Du må ha
Det er ein fordel om du har
Nav består av 22 000kompetenteogengasjertemedarbeidarar.Vi jobbartverrfaglegi sterke fagmiljø.Hos oss skalarbeidsmiljøet pregastavinvolvering,openheitogtillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer duåbli unntatt fraoffentleg søkjarliste, må dugrunngjedette.Delgjerne vitnemålet dittellerkarakterutskrift dine påvitnemålsportalen.no.