Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen søker rådgjevar/tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø i Bergen og bidreg til betre tilrettelegging i utdanning og arbeidsliv.
Dette er ei fast 100% stilling med lønn frå 639 000 til 729 000 kroner, med fleksitidsordning og moglegheit for hybrid arbeidskvardag. Vi søkjer ei engasjert person som kan leie og bidra som tolk i ulike samanhengar.
Kokstaddalen 35, 5257 Kokstad
Stillingstittel Rådgjevar/tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde
Vi ser etter deg som brenn for tolkeyrket, gode tenesteopplevingar og Nav sitt samfunnsoppdrag.
Vil du bli med på å gjere arbeidslivet meir tilgjengeleg for døve, høyrselshemma og døvblinde? Hos oss får du bruke tolkekompetansen din både praktisk og strategisk. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø som arbeider for betre tilrettelegging i utdanning og arbeidsliv. Du får vere med å utvikle tenestene våre slik at vi kan nå målet om å hjelpe fleire gjennom utdanning og ut i arbeidslivet.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har omlag 120 tilsette og held for tida til på Kokstad i Bergen. Eininga består av seks avdelingar som til saman har brei tverrfagleg kompetanse innan helse, teknologi, forvaltning og pedagogikk. I løpet av 2029 flyttar vi til nye og moderne lokale.
Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging som består av omlag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med god kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremme funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette på hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.
Ambulant verksemd må påreknast
Vi ser etter deg som har:
Vi ynskjer at du har:
Om du blir tilsett hos oss, får du:
Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet ditt. Får du tilbod om stillinga, kan du få ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du kan snakke med nokre av medarbeidarane våre og spørje om det du lurer på. Då får du eit betre inntrykk av korleis det er å jobbe hos oss, og om vi er ein god match.
Hans Jørgen Svabekk, leiar for avdeling Tolk, 926 63 111, hans.jorgen.svabekk@nav.no
Leif Fauskanger, leiar for avdeling Rådgivning, 951 87 003, leif.fauskanger@nav.no
Hans Jørgen Svabekk,Avdelingsleiar tolk,926 63 111, Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no
Leif Fauskanger,Avdelingsleiar Rådgivning ,951 87 003, leif.fauskanger@nav.no
Kokstaddalen 35
5257Kokstad
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5204428265
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Nav består av 22 000kompetenteogengasjertemedarbeidarar.Vi jobbartverrfaglegi sterke fagmiljø.Hos oss skalarbeidsmiljøet pregastavinvolvering,openheitogtillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste.Ønskjer duåbli unntatt fråoffentleg søkjarliste, må dugrunngjedette.Delgjerne vitnemålet dittellerkarakterutskrift dine påvitnemålsportalen.no.